Gudinna Siv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Illustrasjon av Siv frå Edda-utgjevinga til Nils Fredrik Sander frå 1893.

Siv (norr. Sif) er kona til toreguden Tor og ei viktig åsynje i den norrøne mytologien. Siv er mest kjent for gullhåret sitt, som ho fekk etter at æsen Loke hadde klipt av henne det gamle håret.

Siv og Tor fekk sonen Mode og dottera Trud. Siv og Tor sin bustad i Åsgard heiter Bilskirne og ligg i Trudvang («Styrkens bustad»), Tors rike i Åsgard. Siv er òg mor til den gode bogeskytaren Ull, men Tor er ikkje far hans. Siv er ikkje mor til Magne, han er son av Tor og Jarnsaksa. Siv er svært vakker, nesten like vakker som Frigg. Siv hadde tidlegare langt vakkert hår. Seinare fekk ho gullhår, etter at Loke lurte seg opp i senga til Siv mens Tor var på ei lang reise og klipte håret hennar.

Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.