Edda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Edda er eit kvinnenamn med ulike historier. Me kan finna eit norrønt, eit fellesgermansk og eit italiensk. Det er best kjent som namnet på dei to bøkene som har gjeve ettertida mest kunnskap om norrøn gudetru, den eldre Edda og den yngre Edda. Kvada som står i bøkene blir gjerne kalla eddadikt.

Norrøn tyding[endre | endre wikiteksten]

Det er uklårt kva namnet «Edda» i norrøn tradisjon tyder. Det var namnet til ei av kvinnene Heimdall fekk barn med i Rigstula. Det skulle der tyda oldemor, og Edda var stammor til trellane.

Ein har hevda at Snorres Edda, eller den yngre Edda, fekk namnet sitt av di ho inneheldt kunnskap frå gamal tid, gamal som ei oldemor. Andre tenkjer seg at det er ei avleiing av Oddi, der Snorre Sturlasson vart utdanna, eller at ordet ganske enkelt tyder 'poetikk'. Ei anna forklaring er at det er ei norrøn form av latinsk edo, «eg skriv». I Orkneyinga saga finn me forma kredda for latinsk credo. Som den ordmeistaren Snorri var, kan ein tenkja seg at han hadde fleire av desse tydingane i tankane, og laga tittelen mesta som eit ordspel.

Som kvinnenamn blir det brukt av dotter til kong Hårek i soga Bósa saga og Herrauðs frå rundt 1300.

Germansk tyding[endre | endre wikiteksten]

Namnet Edda kan vera ei kortform av namn som byrja med Ed- eller Ead-, som tyder 'rikdom', eller Edel-, som tyder 'edel' eller 'adeleg'. Slike namn, som Edwina og Edelgard, har vore særleg vanlege i Tyskland og England.

Italiensk tyding[endre | endre wikiteksten]

Edda er avleia av Hedda, som igjen er ei kortform av Hedvig og tyder strid eller krig.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]