Hår

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Romfarar med vektlaust hår.

Hår er i vidaste tyding alle slags trådforma utvekstar på mange ulike organismar, men blir særleg brukt om slike vekstar hos menneske, der ein bruker mykje tid på å barbere, stella og ordna det. Hår hos andre pattedyr enn mennesket blir gjerne kalla pels.

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Skjematisk teikning av hårstrå og hårsekk
Nærbilde av menneskehår.
Foto: Nevit Dilmen

Hår hos virveldyr, spesielt pattedyr, er laga av keratin, eit protein det også finst mykje av i negler, fjører og overhud. Hår er dødt materiale som blir bygd opp i hårsekkar. Det kan skjerast i utan at ein kjenner smerte, men gjer vondt å dra i fordi ein då dreg i den levande huda dt er festa i. Hårstrå fell som regel ut med jamne mellomrom.

I høve til dei fleste andre pattedyra har menneska lite synleg hårvekst på kroppen. Det veks likevel små, nesten usynlege hår over mesteparten av menneskekroppen. Slike små hår kallar ein velushår.

Fordeling av kroppshår hos kvinner og menn.

Synleg hår blir kalla terminalhår. Ein deler gjerne dette inn i hovudhår og kroppshår. Håret veks tettast på hovudet, og denne hårtypen blir lenger enn dei fleste andre pattedyrhårtypar. Kroppshår elles tek vanlegvis til å gro når ein kjem i puberteten.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hår
Spire Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.