Guido d’Arezzo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Guido d’Arezzo

Fødd ca. 992
Arezzo, Pomposaklosteret
Død

1050
Arezzo

Yrke musikkteoretikar, musikkforskar, komponist, oppfinnar, skribent, munk
Språk latin
Guido d’Arezzo på Commons

Guido d`Arezzo eller Guido av Arezzo var ein framståande musikkteoretikar frå Italia. Han var aktiv i første halvdel av 1000-talet.

Guido er truleg mest kjend for omlegginga av kyrkjesongen til eit lettare pedagogisk system. Han innførte solmisasjon som prinsipp, og gjekk bort frå monokordet som innlæringsinstrument for gregoriansk song. I arbeidet sitt inførte han og eit nytt notesystem med nøklar, slik at songarane hadde ei noteline og ein fast tone å halde seg til. Han er soleis opphavet til vestleg notasjon. Med tida innførte han og fleire liner, gjerne i ulike fargar, for at songarane skulle kunne halde tonehøgdene frå kvarandre. Den ulike fargelegginga vart for det meste lagt bort etter Guidos tid.

Solmisasjonen tok utgangspunkt i hymnen Ut queant laxis, der kvar frase byrja på ein ny tone, som låg eit steg høgare enn førre tone: Ut Re Mi Fa Sol La, i alt seks tonar. Dette utvikla seg med tida til do-re-mi-systemet, som er grunnlaget for ein vanleg durskala.

I tradisjonen etter Guido vart den guidonske handa inført som direksjonsprinsipp, og samstundes og Musica Ficta.

Hovudverket hans Guido er Micrologus de Musica, som vidarefører tankane frå Musica enchiriadis, utan å sitere dette verket direkte. Micrologus finst i ei rekkje avskrifter over heile Europa, og har hatt stor musikkhistorisk verknad på ettertida. Hermanus Contractus bygde vidare på Guido sine tankar.