Gunnar Andersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gunnar Andersen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. mars 1890
Drøbak
Død

25. april 1968 (78 år)
Oslo

Idrett fotball, skihopping
Tok del i

Sommar-OL 1920, Sommar-OL 1912

Utmerkingar

Egebergs Ærespris

Gunnar Andersen (18. mars 189025. april 1968) var ein norsk idrettsmann frå Oslo, skihoppar og fotballspelar. På fotballbana var han ein «eminent halfback, oppoffrende lagspiller og myndig kaptein». I 1918 vart han den fyrste som vart tildelt Egebergs ærespris.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Ski[endre | endre wikiteksten]

Sundag 18. februar 1912 sette Andersen uoffisiell verdsrekord då han vann hopprennet i Gustadbakken i Modum med eit bestehopp på 47 meter.[1]

Fotball[endre | endre wikiteksten]

Andersen fekk sin landslagsdebut i 1911. Han var i mange år lagkaptein, mellom anna då Noreg i juni 1918 vann 3–1 over Danmark og landslaget kunne bokføre sin fyrste siger. 1919-sesongen spelte han alle fire kampane då Noreg vart uformell skandinavisk meister gjennom to triumfar mot Sverige og siger over Danmark på heimebane. Andersen deltok både i Sommar-OL 1912 i Stockholm og i Sommar-OL 1920 i Antwerpen. I Antwerpen overraska det norske mannskapet ved å slå England, ein av favorittane i turneringa. [2] Då olympiaden var over kom han med som venstre-half på eit tenkt verdslag. Han spelte sin 46. og siste landskamp i 1924.

Andersen spelte på fotballaget til Ski- og fotballklubben Lyn frå 1912 til 1924. Laget tok seg til finalen i noregsmeisterskapen i 1923, der det vart tap mot SK Brann.

Sidan var han fotballdommar.I fleire år sat han i styret til Norges Fotballforbund og i komiteen som tok ut landslaget.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Tap i cupfinalen: 1923 med Lyn

Kjelder[endre | endre wikiteksten]