Drøbak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Drøbak
Oscarsborg festning sett frå Drøbak.
Oscarsborg festning sett frå Drøbak.
Geografi
Kommune Frogn
Fylke Akershus
Folkemengd[1] 13 006 (2012)
Folketettleik 1 863,3 /km²
Areal[1] 6,98 km²
Torget i Drøbak

Drøbak (på gamalnorsk Drjúgbakki – «dryg-bakken») er ein tidlegare kjøpstad, og no by og administrasjonssenter i Frogn kommune i Akershus fylke. Han har 13 006 innbyggjarar (2012) og ligg på austsida av Drøbaksundet i Oslofjorden. Fram til 1963 var Drøbak eigen kommune.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Det gammalnorske namnet var Drjúgbakki. Det første leddet drjúgr tyder 'hard; lang' medan det siste er bakki, altså hard eller lang bakke. Bakken namnet knyter seg til er den lange, bratte bakken opp frå sjøen. Denne var i gamle dagar ei viktig ferdselåra inn mot Oslo. Når den indre Oslofjord ikkje var seglebar om vinteren, var Drøbak siste isfrie hamn. Gods vart derfor frakta til og frå Drøbak landevegs.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Drøbak og Frogn sokner vart skilt ut som eige prestegjeld frå Ås prestegjeld ved kgl. res. 8. september 1823.

Drøbak fekk kjøpstadsrettar 20. august 1842 og vart med det ein by; den einaste i Akershus på den tida. I 1962 avgjorde Schei-komiteen at Drøbak skulle opphøyre som eigen kommune og innlemmast i Frogn landkommune. Dermed hadde ikkje Drøbak lenger bystatus i juridisk forstand. Drøbak fekk tilbake bystatusen i 2006, etter vedtak i kommunestyret. Den tidlegare motorsagprodusenten Jobu låg i Drøbak.

Oslofjorden er på det smalaste i Drøbaksundet, og når det er strenge vintrar kan fjorden fryse igjen frå Drøbak til Oslo. I gamle dagar fungerte derfor Drøbak som vinterhamn for Oslo.

Blücher[endre | endre wikiteksten]

Ei viktig hending i historia til Drøbak var senkinga av den tyske kryssaren «Blücher» under det tyske åtaket på Noreg morgonen den 9. april 1940. Kryssaren transporterte tyske soldatar og byråkratar for planlagt overtaking av Oslo. Men kommandant EriksenOscarsborg festning, på andre sida av Drøbaksundet, gav på eige initiativ ordren om å skyte på kryssaren. Krigsskipet sokk og dette forseinka den tyske invasjonen. Det var nok til at regjeringa, stortinget og kongefamilien kunne evakuerast, og til at gullreservane vart redda unna okkupantane.

Turisme og kultur[endre | endre wikiteksten]

Drøbak er kjent både som badeby og nisselandsby, og har noko turisme. Byen har mange pittoreske, gamle hus. Dei mange kunstgalleria, småbutikkane og utstillingane trekkjer mange vitjande til byen sommarstid. Då er torget – og særleg stranda – full av menneske. Byen har òg julenissen sitt postkontor.

Ved Badeparken ligg Drøbak kirke, og kjend som Vår Frelsers kirke, som vart vigsla til kyrkje den 29. oktober 1776. Ho er inspirert av Vår Frelses kirke i Kristiania, den noverande Oslo Domkirke.

Follo Museum ligg i Drøbak.

Drøbak vert gjerne kalla «badebyen», dette fordi byen har mange strender og var i gamle dagar ein populær badestad for Oslofolk. Av strender i Drøbak finn ein mellom anna Badeparken, Parrstranda, Torkhildstranden og Skiphelle.

Kjende innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2012.