Drava
| Drava | ||
|
|
||
| Utspring | Sør-Tyrol i Italia | |
| - Høgd | ca. 1450 m | |
| Munning | I Donau ved Osijek i Kroatia | |
| - Høgd | ca. 90 m | |
| Land i nedslagsfelt | Italia, Austerrike, Slovenia, Ungarn og Kroatia | |
| Lengd | 749 km | |
| Nedslagsfelt | 11 828 km² | |
| Sideelvar | Gail, Gurk, Mura | |
| Renn gjennom | Maribor, Osijek | |
Drava (tysk: Drau, ungarsk: Dráva) er ei elv i sørlege delar av Sentral-Europa. Ho har sitt utspring i Sør-Tyrol i Italia og renn austover gjennom Aust-Tyrol og Kärnten i Austerrike, inn i Slovenia (145 km), og så søraustover gjennom Kroatia, der ho dannar grensa mellom Kroatia og Ungarn. Til slutt renn ho ut i Donau nær byen Osijek. Ho har ei lengd på 725 km.
Drava renn gjennom Lienz, Spittal an der Drau, Villach, Dieschitz og Ferlach i Austerrike, Dravograd, Vuzenica, Muta, Ruše, Maribor, Ptuj og Ormož i Slovenia, Varaždin og Osijek i Kroatia og Barcs i Ungarn. Ein kan segle på Drava i om lag 90 km frå Čađavica i Kroatia og til munningen.
Dei største sideelvene til Drava er Gail i Austerrike og Bednja i Kroatia frå venstre, og Gurk i Austerrike og Mura (nær Legrad) i Kroatia frå høgre.
|
|
|
|---|---|
| Land | Tyskland · Austerrike · Slovakia · Ungarn · Kroatia · Serbia · Romania · Bulgaria · Ukraina · Moldova |
| Byar | Donaueschingen · Ulm · Ingolstadt · Regensburg · Passau · Linz · Wien · Bratislava · Győr · Komárno · Esztergom · Budapest · Baja · Vukovar · Ilok · Bačka Palanka · Novi Sad · Beograd · Smederevo · Drobeta-Turnu Severin · Vidin · Ruse · Brăila · Galaţi · Tulcea |
| Sideelvar | Iller · Lech · Regen · Isar · Inn · Enns · Morava · Rába · Váh · Hron · Ipeľ · Drava · Tisza · Sava · Timiş · Velika Morava · Jiu · Iskar · Olt · Osam · Jantra · Vedea · Argeş · Ialomiţa · Siret · Prut |