Gustav Landauer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gustav Landauer (1892)

Gustav Landauer (fødd 7. april 1870 i Karlsruhe, død 2. mai 1919 i München) var ein anarkistisk tenkjar, revolusjonær aktivist og forfattar som var verksam i Tyskland.

Landauer gjekk inn for Pierre Joseph Proudhon sin anarkisme med mutualistisk (gjensidig) økonomi og var dermed kritisk mot Karl Marx og marxismen.

Den anarkistiske visjonen basérer seg på sosial individualisme, med organisering i naturlege grupper, og dessutan på individa sin grad av medvit, slik at sosialismen ikkje kan bli verkeleg utan individuell læring, meinte Landauer.

Gustav Landauer deltok i den korte rådsrepublikken i München, der han vart drepen av høgreorienterte frikorps-styrkar, etter å ha vorte fengsla, trass i sine idéar om ikkje-vald.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]