Håv
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Håv (frå norrønt språk «háfr», som har med å heve eller lyfte å gjere) er ein reiskap forma som ein notpose som er halde utspent og open og festa til eit handtak eller ei lang stong.
Håv vert nytta til å få på land fisk og små dyr frå vatn, eller til å fange insekt, dyr eller fugl med på land og i lufta. Storleiken på håven, på maskene i nota, og lengda på handtaket eller stonga varierer med kva håven skal nyttast til.