Høgskolen i Harstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Høgskolen i Harstad
Motto «Stup i det!»
Grunnlagt 1986
Type Statleg høgskole
Rektor Inger Aksberg Johansen
Stad Harstad
Studentar 1 600
Tilsette 120
Nettstad www.hih.no
Høgskolen i Harstad

Høgskolen i Harstad (HiH) vart etablert 1. august 1986 og har i dag omkring 1600 studentar og 120 tilsette. Høgskolen er ein av 22 statlege høgskolar i Noreg og er i dagens form eit resultat av at ein eksisterande statleg høgskole i Harstad vart reorganisert som ein del av Høgskolereformen i 1994.

Høgskolen tilbyr fag- og profesjonsstudium innan pedagogikk, sjukepleie, vernepleie, økonomi- og samfunnsfag, handel og service, reiseliv, statsvitskap og økonomi. Desse kan takast i varierande lengd frå halvårseiningar til bachelorgrader og mastergrad i samarbeid med Universitetet i Nordland. Dessuten tilbyr ein ei rekke kurs-, etter- og vidareutdanningar.

Høgskolen sine to institutt er:

  • Institutt for Økonomi- og samfunnsfag
  • Institutt for Helse- og sosialfag

Høgskolen tilbyr internasjonalisering av studium. Det er mogleg å ta delar av den ordinære utdanninga i utlandet, eller ein kan halde fram med utdanninga i utlandet etter fullførd studium.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]