Universitetet i Nordland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Universitetet i Nordland
Høgskolen i Bodø.jpg
Grunnlagt 1994
Type Offentleg universitet
Rektor Pål A. Pedersen
Stad Bodø
Studentar 5 300
Tilsette 430
Nettstad www.uin.no

Universitetet i Nordland, tidlegare Høgskulen i Bodø, vart samla og etablert 1. august 1994 etter ei samanslåing av fleire mindre høgskular. Universitetet har i dag omkring 5000 studentar og 430 tilsette. Universitetet er eitt av åtte statlege universitet i Noreg og er eit resultat av at tre høgskular i Nordland vart slått saman som ein del av Høgskolereformen i 1994. Universitetet har filialar i Mo i Rana og Stokmarknes, og dessutan undervising i Steigen, Tysfjord, Sør-Helgeland og ved Vensmoen studiesenter. I Bodø har universitetet samla verksemda si på Mørkved. Frode Mellemvik var rektor fram til 31. juli 2007. For perioden 1. august 2007 til 31. juli 2011 har universitetet tilsett professor Pål A. Pedersen, tidlegare dekan ved Handelshøgskolen i Bodø.

Universitetet tilbyr vel 80 fag- og profesjonsstudier innan fiskeri og naturfag, samfunnsfag, handelsfag, sjukepleie og lærarutdanning. Desse kan takast i varierande lengder frå halvårsenheter til bachelorgrad, mastergrad og einskilde doktorgradstudium, og dessutan ei rekkje kurs-, etter- og vidareutdanningar. Universitetet tilbyr internasjonalisering av studium, både høve for å ta dele av den ordinære utdanninga si i utlandet, eller ved å fortsetje å utdanne seg i utlandet etter endt studium.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Stortinget vedtok 28. mai 1970 at Nordland distriktshøgskole skulle leggjast til byen og undervisinga starta hausten 1971 i provisoriske lokale, men då lærarhøgskolen flytta til Rønvika i 1972, overtok høgskulen dei gamle lokala i Torvgata. På 1980-talet vart det avgjort at høgskulen skulle liggje ved dagens plassering på Mørkved og høgskulen flytta inn i første byggetrinn i 1986 under namnet Høgskolesenteret i Nordland. Den andre siviløkonom-utdanninga i landet vart lagt til byen. Sjukepleiarutdanninga vart samlokalisert til Mørkved og Høskolen i Bodø var etablert i 1994. Etter ei større utbygging i 2004 flytta også lærarutdanninga frå Rønvik til Mørkved. Høgskolen søkte om universitetsstatus hausten 2009, og vart 19. november 2010 akkreditert som universitet og endra namn til Universitetet i Nordland frå 1. januar 2011[1].

Fakultet[endre | endre wikiteksten]

Universitet har fire fakultet:

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]