Høgtysk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om dialektgruppa. For det tyske standardspråket, sjå tysk.
Det høgtyske språkområdet, delt inn i overtysk (grønt) og middeltysk (blått), skil seg frå det nedertyske språkområdet (gult) mellom anna gjennom den høgtyske konsonantforskyvinga.

Høgtysk (Hochdeutsch) er ei lingvistisk nemning på ei gruppe tyske dialektar frå dei høgareliggjande tyske områda, ein motsetnad til nedertysk. Høgtysk er utgangspunkt for tysk skriftspråk og det tyske standardspråket (Hochsprache). Det skil seg særleg frå nedertysk gjennom den høgtyske lydforskyvinga som fann stad frå rundt 600.[1]

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Høgtysk er eit samleomgrep for alle tyske dialekter som ikke er nedertyske og kan delast inn i desse dialektgruppene:

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gammalhøgtysk er belagt for første gong på 700-talet.

Høgtysk blir vanlegvis delt inn i fire tidsperiodar:

  1. Gammalhøgtysk 800 til 1050
  2. Mellomhøgtysk 1100 til 1350
  3. Tidleg nyhøgtysk 1350 til 1600/1650
  4. Nyhøgtysk 1650/1700 til i dag

På 1500-talet utvikla det seg eit overregionalt skriftspråk som kom i bruk i heile det tyske språkområdet i løpet av 1700-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Askedal, John Ole (2009, 15. februar). «Tysk», Store norske leksikon. Henta 3. oktober 2013.