HARDtalk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

HARDtalk er eit tv-program ifrå BBC, der ein har eit halv time langt dybdeintervju med eit intervjuobjekt. Det er rekna for å vere eit flaggskip innan BBC sin programproduksjon.

Det vert sendt fire dagar i veka (Måndag til Torsdag) på BBC World News og BBC News channel. Programmet starta i 1997, og mykje av kor kjent det er kjem av den globale sendingane til BBC World.

Tim Sebastian leda intervjua fram til tidleg 2005. Ifrå 2006 var intervjuaren Stephen Sackur, som tidlegare var BBC sin korrespondent i Washington og Brussel. Han er ein erfaren intervjuar som har tidlegare grilla dei amerikanske presidentane George W. Bush og Bill Clinton. Til tider er det ein annan BBC-presentator som tek over intervjua, som Zeinab Badawi, Jon Sopel, Lyse Doucet og Noel Thompson.

HARDtalk har hatt nokre av dei mest kjente personlegdomane i verda under grilling av Sebastian eller Sackur. Gjestar har vore presidenten i Pakistan Pervez Musharraf, presidenten i Sør-Afrika Thabo Mbeki, og populærmusikaren Boy George.


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]