Halo i meteorologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om halo i meteorologi. For andre tydingar, sjå halo.
Ein mann med ein halo kring seg..

Ein halo (frå gresk ἅλως; òg kjend som nimbus, solring eller månering) er eit optisk fenomen skapt av iskrystallar som fører til farga eller kvite bogar og flekkar på himmelen. Mange er nær sola er månen, medan andre er andre stader og til og med på motsett side av himmelen. Dei kan òg dannast kring kunstige lys i særs kaldt vêr når iskrystallar kalla diamantstøv driv i lufta.

Det er mange typar ishaloar. Dei vert produserte av iskrystallar i cirrusskyer, 5-10 km opp i lufta i den øvre troposfæren. Forma og orienteringa av krystallane er avgjerande for kva type halo ein får. Lys vert reflekter og brote av iskrystallane og kan dele seg opp i forskjellige fargar på grunn av spreiing. Krystallane oppfører seg som prisme og speglar, og bryt og reflekterer sollys mellom sidene sine, og sender lyset i diverse retningar.

Solring bak ein bygning i Padang i Indonesia

Atmosfæriske fenomen som haloar vart nytta som vêrteikn før meteorologien vart utvikla.

Andre vanlege optiske fenomen som omfattar vassdropar i staden for iskrystallar er glorie og regnbogen.

Ulike former[endre | endre wikiteksten]

22° halo kring månen.

Haloar kan ta ei rekke ulike og til dels kompliserte former. Vanlegaste er ein farga ring, med den raude fargen inst, kring sola eller månen i ein vinkelavstand på 22°. Ringen skuldast brytingar i sekskanta prismeforma krystallar når lysstråler går gjennom to sideflater som forlenga skjerer kvarandre i ein vinkel på 60°. Denne haloforma er typisk for slørskyer (cirrostratus), som ofte er eit første varsel om at eit nedbørområde nærmar seg. Ved sterk høgdevind vil iskrystallane vere tilfeldig orientert i rommet, derfor ser ein ein ring.

Lyssøyle[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå solsøyle.

Ei lyssøyle eller solsøyle er ei vertikal søyle av lys frå sola nær soloppgang eller solnedgang, men kan opptre under sola, særleg om observatøren står i høgda. Dette vert skapt av sekskanta plate- eller søyleforma iskrystallar. Det vert ofte skapt av vassdropar i lufta. Light pillars can also form around the moon, and around street lights or other bright lights. Pillars forming from ground-based light sources may appear much taller than those associated with the sun or moon. Since the observer is closer to the light source, crystal orientation matters less in the formation of these pillars.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Halo i meteorologi