Cirrostratus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cirrostratus
Cirrostratus med halo
Cirrostratus med halo
Høgd Over 6000 m
Utsjånad Kvitt fiberaktig slør
Nedbørsky? Av og til virga
Forkorting Cs


Cirrostratus skyer eller slørskyer består av iskrystallar. Skyene er kvitaktige og dannar eit fiberaktig slør som ofte dekker heile himmelen. Av og til er dei så tynne at dei så vidt er synlege. Desse skyene blir danna i høgder over 6000 m (20 000 ft) ved at luft blir løfta i stor skala til høgder der den kondenserer til iskrystallar. Dei kan vere eit teikn på at ein vêrfront nærmar seg, særleg visst dei byggjer seg opp frå ein retning (såkalla opptrekksskyer). Dermed kan det ventast nedbør det neste døgnet når slike skyer er observert.

Ein skil mellom fleire former for cirrostratus. Dei vanlegaste er fibratus og nebulosis. Fibratus består av lange, tynne trådar som dekker eit stort område av himmelen. Den jamne overflata på desse skyene skuldast at iskrystallane blir fanga av sterk og stabil høgdevind. Nebulosis er svært tynne skyer, og manglar fiberstrukturen som vi finn i andre cirrusskyer. Ofte kan det einaste ein merkar i samband med slike skyer vere ein svak reduksjon i solinnstrålinga.

Når sollyset skin igjennom cirrostratusskyer blir lyset brote, og det kan oppstå ein halo. Dette er ein lysande ring rundt sola, og har ein vinkelradius på ca. 22°. Det er også mogeleg å sjå sekundære haloar med større radius.

Av og til kan det snø frå cirrostratus, men snøen fordampar lenge før den når ned til bakken. Dette blir kalla virga. Cirrostratus kan føre til lett turbulens, men har vanlegvis lite å seie for flytrafikken.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]