Hans Hyldbakk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Hyldbakk

Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. mai 1898
Surnadal kommune
Død

18. august 2001 (103 år)

Yrke skribent, lyrikar
Hans Hyldbakk på Commons

Hans Hyldbakk (8. mai 189818. august 2001) var ein norsk diktar og bygdebokforfattar frå SurnadalNordmøre.

Mange av dikta hans, som oftast er skrivne på nordmørsdialekt, vart vidkjende då Henning Sommerro sette musikk til dei og gjorde dei til hovuddelen av Musikkgruppa Vårsøg sitt repertoar. Særleg kjende er dikta «Vårsøg» og «E slåttatæja».

Som lokalhistorikar og bygdebokforfattar skreiv han til saman om lag 11 000 sider, mellom anna i bygdebøker for seks ulike kommunar og i fleire jubileumsskrift frå heimtraktene sine. Hyldbakk utførte eit nybrottsarbeid da han skreiv historia om hjembygdas husmenn og husmannsplassar, som utkom i 1942. For dette arbeidet fekk Hyldbakk tilnamnet «småkårsfolkets historikar».

Han debuterte med diktsamlinga Harpespel i 1929, og det kom i alt ti diktsamlingar, seks prosabøker, elleve bygdebøker og sju jubileumsskrift frå Hyldbakk si hand.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Heidring[endre | endre wikiteksten]

Bysta utanfor kommunehuset i Surnadal.
Foto: Steinar Hasselø, Surnadal kommune

Hans Hyldbakk vart heidra med fleire prisar, mellom andre fylkeskulturprisen i Møre og Romsdal i 1973 og Kongens fortenestemedalje i gull i 1994.[1] Utanfor kommunehuset på Skei i Surnadal står det ein bronsebyste av han som vart laga av Tore Bjørn Skjølsvik i 1979.

Som pensjonist spara Hyldbakk opp ein sum på nær ein million kroner som han gav vekk til Surnadal kommune saman med heimen sin på Kleiva, som har vorte midtpunktet for Vårsøghelga kvar pinse.[2] Kommunen deler årleg ut Kleivaprisen og tilskot frå Kleivafondet, der pengane skal gå til å «fremje kulturelle og lokalhistoriske føremål, unnateke stjerneidrett og fotball».[3]

Anna[endre | endre wikiteksten]

Hans Hyldbakk vart offer for «leksikografisk mord» av Norsk Allkunnebok, der det står skrive i det sjette bandet at han døydde i 1947. Utanom Norsk Allkunnebok levde han vidare i beste velgåande i over eit halvt hundreår.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Diktsamlingar[endre | endre wikiteksten]

  • Harpespel, 1929
  • På vandringsveg, 1930
  • På heimveg, 1937
  • Heimbygdsvers, 1942
  • Etter-rakster, 1946
  • Aspa skjelv i Øyalia, 1974
  • Lauvfall i Litlsalen, 1976
  • Prologar og høvesdikt, 1977
  • Kveldsvers frå Kleiva, 1986
  • Vårsøg (dikt i samling), 1990
  • Lauvfall, 1998

Prosa[endre | endre wikiteksten]

  • Kleivabrev frå krigstida, 1945
  • Ei haustferd på Nordmøre 1934, 1951
  • Streiftog i bygda, 1971
  • Brev frå barndommen, 1984
  • Agent nr. 184, 1987
  • Brev frå Kleiva, 1989

Lokalhistorie[endre | endre wikiteksten]

  • Husmenn og husmannsplassar i Surnadal (2 bd., 1942. Ny utg., Heimar i Surnadal, 1966–68)
  • Gards- og ættesoge for Surnadal (2 bd., 1947–48. Ny utg., 3 bd., 1980–81)
  • Heimar og ætter i Stangvik (2 bd., Stangvik kommune, 1953–54. Ny utg. 1981–82)
  • Folk og heimar i Åsskard (Åsgård ungdomslag, 1955. Ny utg. 1987)
  • Bygdesoge for Surnadal (2 bd., Surnadal kommune, 1957–59)
  • Gards- og ættesoge for Tingvoll (3 bd., Tingvoll sogelag, 1961–65)
  • Gards- og ættesoge for Rindal (3 bd., Rindal kommune, 1964–67)
  • Gards- og ættesoge for Frei (2 bd., Frei kommune, 1971–72)
  • Gammalt frå Surnadal (Surnadal kommune, 1972)
  • Setrane i Surnadal (1975)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hans Hyldbakk blir gravlagd torsdag» hjå NRK Møre og Romsdal (20.08.2001).
  2. «Hans Hyldbakk» av Svein SæterAllkunne.no.
  3. Norsk biografisk leksikon, bind 4.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]