Hans Memling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett, 1468
Tilbeding av kongen, ca 1470

Hans Memling, (fødd mellom 1433 og 1440 i Seligenstadt; død 11. august 1494 i Brugge), også Jan van Mimmelynghe, Johannes Memmelinc og Memlinc, var ein tysk-fødd målar som flytta til Flandern og som måla i stilen til den eldre nederlandske skulen.

Frå 1460-åra til han døydde var han ein av dei leiande målarane, som måla både portrett og fleire store religions-verk, der han arbeidde i stilen han lærde i ungdomsåra frå meistrar som Rogier van der Weyden.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Memling er fyrste gongen nemnt i dokument frå 1465, då han får borgarskap i Brugge. I 1466 budde han i eit stort steinhus i Sint-Jorisstraat, eit hus han truleg kjøpte i 1480. På same tid og i same delen av Brugge budde målaren og miniatyrdesignaren Willem Vrelant, han var elles bokillustratør òg. Memling skulle eigenleg ha skaffe seg borgarskap i byen, men registrerte seg av ukjente grunnar i målarlauget i Brugge, seinare hadde han også assistentar og lærlingar i verkstaden sin. Lærlingar av han er nemnt i 1480 og i 1484. Michel Sittow si læretid i Brugge fann stad i desse åra, og med bakgrunn i stilistiske likskapar kan han ha vore ein av Memling sine lærlingar.

Minnet om Memling vart bevart fødebyen, der det i byrjinga av 1500-talet vart lese messer for sjela hans. Sidan vart han gløymd. Hovudverket hans er måleria i Johannishospital i Brugge. Då måleria vart gjenoppdaga av kunsthistorikarar voks det samstundes fram ei sentimental legende om målaren, som skulle ha skapt måleria i Johannishospital etter ei mirakuløs betring. Denne legenda heldt seg i lang tid, og vart seinare formidla i biletform av fleire målarar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hans Memling

Kjelder[endre | endre wikiteksten]