Hans Mustad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hans Mustad (18371918) var ein næringsdrivar frå Vardal i Oppland. Han var medeigar i firmaet O. Mustad & Søn, son til Ole Mustad. Kristian Mustad var ein bror.

Mustad vart medeigar i faren sitt firma i 1874, som då fekk namnet O. Mustad & Søn. Han starta opp med eksport av selskapet sine produkt, noko som mellom anna førte til at O. Mustad & Søn vart verdas største produsent av fiskekrokar frå fabrikken anlagt ved Brusveen i Vardal i 1878. Selskapet flytta dei fleste avdelingane til Lysaker i Bærum, der han mellom anna starta opp ein margarinfabrikk. Proteksjonisme i ulike eksportmarknder førte til at selskapet bygde opp fabrikkar i mange land.

I 1905 fekk alle dei fem sønene hans del i selskapet.