Hardførheitssone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hardførheitssone, herdigheitssone eller H-sone er eit geografisk område der ein kategori planter kan vekse. Dette er klimasoner der planter med ein gitt hardførheit eller høgare kan klare seg over fleire sesongar. Slik soneinndeling blir spesielt nytta på hageplanter.

Opphavleg kom slike klassifiseringar frå US Department of Agriculture (USDA). I dag har dei fleste land definert hardførheitssoner. Inndelinga kan vera ulik frå land til land.

I Noreg opererer ein med 9 soner, med sone 1 som det varmaste kystklimaet på kysten av Agder og Vestlandet nord til Stad og sone 8 som den kaldaste i låglandet. Den niande sona har fått nemninga F og femner om fjellområda. Det første sonesystemet for Noreg kom i 1961. Det har seinare komme fleire system. Dagens soner er utarbeidd av Hageselskapet i samarbeid med Meteorologisk institutt.[1] Det er frå 2006 og er ganske likt det svenske.

I praksis varierer klimaet mykje innanfor ei sone. Sonekart gir likevel ei god oversikt over forutsettinga for å dyrke visse planter.

Andre sonesystem[endre | endre wikiteksten]

RSTs zonkarta (Sverige)[endre | endre wikiteksten]

Riksförbundet Svensk Trädgård har utarbeidd eit sonekart med åtte dyrkingssoner. Sone I omfatter dei mildaste delane av Sverige og sone VIII dei kaldaste regionane. Jo høgare sonetal jo herdigare reknar ein veksten til å vere. [2] Det første kartet vart lansert 1910 av Sveriges Pomologiska Förening og hadde fire soner. Gjennom åra har sonekartet blitt utvikla til dagens åtte soner.

USDA-soner[endre | endre wikiteksten]

US Department of Agriculture (USDA) har laga eit sonekart for det nordamerikanske kontinentet. Systemet bygger på den kaldaste middeltemperaturen for eit område og består av ti soner:

  • Sone 3 (-35°F) (-37°C)
  • Sone 4 (-25°F) (-32°C)
  • Sone 5 (-15°F) (-26°C)
  • Sone 6 (-5°F) (-21°C)
  • Sone 7 (5°F) (-15°C)
  • Sone 8 (15°F) (-9°C)
  • Sone 9 (25°F) (-4°C)
  • Sone 10 (35°F) (+2°C)

Systemet kan ikkje direkte overførast til det norske og svenske systemet då det ikkje tar omsyn til kor lang varmeperioden er og heller ikkje kor intens varmen er. Ein art som er tilpassa t.d. eit innlandsklima kan klare ekstrem kulde, men treng ikkje klare å overleve i ekstrem varme eller lange varmeperiodar.

EGF-soner[endre | endre wikiteksten]

European Garden Flora har lansert eit tilsvarande system:[3]

  • H1 (-20°C og lågare)
  • H2 (-15° til -20°C)
  • H3 (-10° til -15°C)
  • H4 (-5° til -10°C)
  • H5 (0° til -5°C)
  • G1 (krever kaldveksthus til og med i Sør-Europa)
  • G2 (krever varmveksthus i heile Europa)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hardførheitssonekart, bogront.no
  2. http://www.tradgard.org/svensk_tradgard/zonkartan.html
  3. Walters, S.M. (1986). The European Garden Flora, Vol. 1. Pteridophyta; Gymnospermae; Angiospermae — Alismataceae to Iridaceae. ISBN 0-521-24859-0