Vestlandet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vestlandet si plassering i Noreg
Aurlandsfjorden, ein av mange fjordar på Vestlandet

Vestlandet er ein landsdel i den vestre delen av Sør-Noreg, sør for Trøndelag og vestom Langfjella. Landsdelen omfattar fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Nemninga Vestlandet kan i ulike samanhengar bli brukt med noko varierande geografisk innhald, men er for det meste brukt om dei fire nemnde fylka som heile. I somme høve nyttar ein Nordvestlandet for området nord for Stadlandet.

Vestlandet utgjer 58 582 km² (18,1 % av landsarealet) med 1 201 833 innbyggjarar (2006, 25,9 % av folketalet i landet). Før i tida høyrde dei øvre delane av Austlandsdalane i fleire administrative samanhengar til Vestlandet. Det same gjeld agderfylka Aust- og Vest-Agder, som no er rekna som Sørlandet.

Landsdelen er hylla i songen «Å Vestland, Vestland» av Tore Ørjasæter og Sigurd Førsund, mest kjend i framføringa til Sissel Kyrkjebø.

Dei andre fire landsdelane i Noreg er Nord-Noreg, Trøndelag, Sørlandet og Austlandet.

Kjelder [endre]