Harold Scott MacDonald Coxeter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Harold Scott MacDonald Coxeter (fødd 9. mars 1907 i London, død 31. mars 2003) var ein engelsk matematikar.

Han hadde doktorgrad ved Universitet i Cambridge frå 1931 og frå 1936 professor ved Universitetet i Toronto i Canada fram til han døydde. Hovudinteressa var geometri, og han gav vesentleg bidrag til teorien for polytop, ikkje-euklidsk geometri og gruppeteori. Han skreiv fleire bøker om geometriske emne som har hatt grunnleggande innverknad på oppfatninga vår av klassisk geometri. Han framstod som den viktigaste geometeren på 1900-talet. I 1954 møtte han Maurits Cornelis Escher og dei to utvikla eit nært samarbeid og venskap som fekk stor tyding for tesselleringsarbeida til Escher, særskild i det hyperbolske planet.

Coxeter fekk tildelt den høgaste ordenen til Canada i 1997.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]