Hartland Point

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hartland Point fyr. Lundy Island ligg i horisonten.

Hartland Point er eit 99 meter høgt nes nordvest på kysten av Devon i England. Det ligg 5 km nordvest for landsbyen Hartland. Neset markerer den vestlege grensa (på engelsk side) til Bristolkanalen. Neset vart av romarane kalla «Herkulesneset».

Kystvaktstasjonen høgare oppe på neset
Radaren på toppen av klippa

Trinity House, fyrverket i England og Wales, har eit nes på enden av halvøya. Det vart bygd i 1874 av Sir James Douglass og består av eit 18 meter høgt tårn, med lys 37 meter over havnivå. Det vart velsigna av Frederick Temple, biskopen av Exeter, som seinare vart erkebiskop av Canterbury. Fyret vart automatisert i 1984 og er i dag kontrollert av Trinity House Operations Centre i Harwich i Essex. Dei gamle fyrvaktarbustadane vart rivne ned for å gje plass til ein helikopterlandingsplass. Vegen fram til fyret er nemnet stadig utsett for steinras.

Kystvakta har ein liten stasjon på toppen av neset, nær fyret. Denne er i dag stort sett ubemanna.

Det britiske forsvaret har ein radarstasjon på neset. Denne vert nytta for å kontrollere både sivil og militær lufttrafikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 51°01′19″N 4°31′31″W