Hauersetertrinnet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hauersetertrinnet er eit tidsrom for avsetjing av tjukke og vide sand- og grusmassar ved HauerseterRomerike. Avsetjinga skjedde i ei tid då issmeltinga av isbreen som låg over Austlandet under den siste istida stoppa opp. Isranden låg her for kring 9500 år sidan og danna eit markert hakk i terrenget. Denne terrengforma grensar mot Gardermoterrassen, med myke sand og rullesteinsgrus i sør og vest. Terrassen har ei høgd på opp mog 210 meter, som var havnivået på den tida. Det ligg mange vatn eller senkingar i terrenget som daudisgroper og grytehol, nord for Gardermoterrassen, som kjem av ismassar som vart isolert inne i grusen og så smelta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]