Hauktjern
Hauktjern | |||
innsjø | |||
Hauktjern i september 2014
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Kommune | Oslo | ||
Høgd over havet | 244 moh. | ||
Areal | 0,04 km² | ||
Hauktjern 59°53′40″N 10°53′09″E / 59.894444444444°N 10.885833333333°E | |||
Wikimedia Commons: Hauktjern | |||
Hauktjern er eit tjern i Austmarka i Oslo, litt aust for nordenden av Nøklevann. På austsida av Hauktjern finst det høge bergsider veleigna til fjellklatring og fine teltplassar. Vestsida av vatnet har høge stup og djupe sprekkar. Kroktjernbekken renn inn i nordenden av vatnet og knyter Kroktjern saman med Hauktjern. Det er godt med fisk i vatnet, både abbor og ørret. Vatnet vert administert av Oslomarkas fiskeadministrasjon.
I den bratte fjellsida på vestsida av vatnet er det laga eit stort klatrefelt. Dei eldste registrerte klatrerutene her er frå 1960-talet, og klatrefeltet vart utvikla vidare frå slutten av 1980-tallet, sånn at det nå er det største klatrefeltet på bolt i regionen.