Helga Aleksandra Karlsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helga Aleksandra Karlsen

Fødd20. november 1882
Oslo
Død15. oktober 1936 (53 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv
Helga Karlsen på den internasjonale arbeidskonferansen i Genève i 1935

Helga Aleksandra Karlsen (fødd 20. november 1882 i Kristiania, død 15. oktober 1936) var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet/ Ho var den første kvinnelege stortingsrepresentanten for partiet. Ho vart vald inn for periodane 1927–30 og 1933–36. Ho er omtalt som Arbeidarpartiets fremste kvinnelege politikar i mellomkrigstida.

Helga Karlsen var dotter av jarnbanebetjent Karl Arnesen (1860–1923) og Hilda Alette Torgersdatter (fødd 1855). Mora døydde truleg tidleg, og Helga vart sett i fosterheim. (I einskilde tidlege opplysningar har ho etternamnet Pettersen.) Ho starta i arbeid fjorten år gammal, først som hushjelp, seinare som servitør og industriarbeid. Karlsen vart med i Kristiania Arbeidersamfunds dramatiske klubb i 1899. Dette var introduksjonen hennar til arbeidarrørsla, som ho etter kvart brukte det meste av livet sitt på. I 1910 var ho med på å stifta Arbeidarpartiets Kvinnesongsamskipnad, og i 1915 var ho ein sentral figur då det første sosialistiske barnelaget i Kristiania vart starta. Ho var òg aktiv i Arbeidarpartiets kvinnearbeid.

Karlsen skolerte seg i sosialistisk politikk gjennom deltaking på Den socialdemokratiske aftenskole og seinare på Arbeidarpartiets dagskole. Ho vart vararepresentant i bystyret frå 1919 og var fast representant frå 1923 til 1928, dei to siste åra òg i formannskapet.

Etter to periodar som vararepresentant vart Karlsen i 1927 vald inn på Stortinget. Ho var første kvinne på fast plass for Arbeidarpartiet. Stortingsvalet i 1930 var dårleg for partiet, så Karlsen vart på nytt vara, men kom attende på fast plass i 1933. I mellomtida var ho i 1932 som første kvinne vald til formann i Oslo Arbeidarsamfunn.

I 1928 vart Karlsen bøtelagt (500 kroner) for å gjeve pengar til bygningsarbeidarar i ulovleg streik. I 1935 deltok ho på den internasjonale arbeidskonferansen i Genève, der ho heldt ein godt motteken tale for førti timar arbeidsuke.

Under valkampen i 1936 vart Karlsen sjuk, og ho døydde berre fire dagar før valet. Ho vart bisett frå Folkets hus, der Martin Tranmæl heldt minnetalen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lill-Ann Jensen: Artikkel i Norsk biografisk leksikon; vitja 30. juni 2013.