Herjangsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Narvik og Herjangsfjorden sett frå Bjerkvik.

Herjangsfjorden er den inste delen av Ofotfjorden i Narvik kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg om lag 15 km nordaustover til Bjerkvik.

Fjorden har innløp mellom Segelnes i vest og byen Narvik i aust. Like nord for Narvik går fjordarmen Rombaken austover. Herjangen, som har gjeve namn til fjorden, ligg like sør for Bjerkvik på vestsida av fjorden.

E6 går langs austsida av fjorden, medan E10 går langs den indre delen av vestsida.