Ofotfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ofotfjorden i april 2003. Fjell sørvest for Narvik i bakgrunnen.
Utsikt utover Ofjotfjorden frå Fagernesfjellet i Narvik.
Foto: Dennis Tang

Ofotfjorden er ein fjord i Norskehavet i Nordland og den tolvte lengste fjorden i Noreg med ei lengd på 78 km og den attande djupaste med eit djup på 553 meter på det djupaste.

Namnet kjem frå det norrøne Ófóti (eit stadnamn) og fótr («fot»), som truleg skildrar forma på fjorden.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Han er den lengste fjorden i Nordland og den fjerde lengste i Nord-Noreg. Landskapet Ofoten er kalla opp etter fjorden. Kommunane Tjeldsund og Evenes ligg på nordsida. På sørsida ligg Narvik i den inste delen og Ballangen lenger ute. Lødingen (og Lofoten lenger ute) og den store Vestfjorden ligg vest-sørvest for Ofotfjorden.

Fjordarmar[endre | endre wikiteksten]

Fleire mindre fjordar forgreinar seg frå hovudfjorden. Ramsundet er eit sund som går nordover til Tjeldsundet på austsida av Tjeldøya. Lenger inn finn ein den breie bukta Bogen på nordsida, og fjordarmen Ballangen rett over på andre sida. Skjomen er den lengste fjordarmen og ligg litt aust for Ballangen. Han vert kryssa av E6 via Skjomenbrua. Ved Narvik går Beisfjorden søraustover og vert kryssa av E6 via Beisfjordbrua. Nordaust for Narvik går Rombaken austover til Rombaksbotn. Også denne fjorden vert kryssa av E6 og Rombaksbrua. Den inste delen av Ofotfjorden, får Narvik og inn til Bjerkvik, vert kalla Herjangsfjorden.

Ved munningen av Ofotfjorden, på sørsida, ligg ein annan fjord, den smale Efjorden, som strekker seg søraustover. Denne fjorden vert kryssa av E6 via Efjordbruene.

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Ofotfjorden har eit rikt dyreliv med store mengder sild i fjorden om vinteren. Dette har trekt til seg kval (spekkhoggarar). Dykkarar har stundom observert hummar i fjorden, noko som gjer han til den nordlegaste staden i verda der hummar er observert. Torsk er vanleg året rundt. Makrell er vanleg frå juli til midten av september. Havørn og oter er òg vanleg rundt fjorden.

Omgjevnadene[endre | endre wikiteksten]

Fjorden er omgjeve av fjell, nokre av dei 1500 meter høge, og i Skjomen opp mot 1700 meter over havet der isbreen Frostisen ligg. Det einaste større låglandet ligg på nordsida, rundt flyplassen Evenes, men det er mindre området nær fjorden i smale dalar (som på Narvikhalvøya der Narvik ligg). Fjella er dekte av skog opp til 500 meter og bjørk er den mest vanlege tresorten her.

Britisk kart som viser plasseringa til jagarane

Sjøslaget[endre | endre wikiteksten]

I slaget ved Narvik under den andre verdskrigen var Ofotfjorden åstad for fleire sjøslag og mange skip ligg i dag på botn av fjorden, særleg i nærleiken av hamna i Narvik. Desse er særs populære hos dykkarar, men er i dag erklært krigsgraver og er rettsverna. Den tyske jagaren «Georg Thiele» vart bora i senk og er framleis synleg i med jernbane mellom Straumsnes og Rombak.

Tirpitz i Bogen i Ofotfjord

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 68°25′N 17°01′E