Hermann Weyl
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Hermann Klaus Hugo Weyl | |
| Fødd | 9. november 1885 Elmshorn i Tyskland |
|---|---|
| Død | 8. desember 1955 (70 år) Zürich i Sveits |
| Område | Matematisk fysikk |
| Institusjonar | Institute for Advanced Study Universitetet i Göttingen ETH Zurich |
| Alma mater | Universitetet i Göttingen |
| Doktorgradsrettleiar | David Hilbert |
| Kjende studentar | Saunders Mac Lane |
| Signatur |
|
Claus Hugo Hermann Weyl (9. november 1885–8. desember 1955) var ein tysk-amerikansk matematikar og professor i Göttingen i 1930–1933 og sidan ved Institute for Advanced Study i Princeton. Det vitskaplege arbeidet hans spenner over matematikk, fysikk og filosofi. Av dei mange bøkene hans finn ein Raum, Zeit, Materie (1921), Gruppentheorie und Quantenmechanik (1928), The Open World (1932), Mind and Nature (1934), The Classical Groups (1939), Philosophy of Mathematics and Natural Science (1949). Han vart utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Oslo ved Abel-minnefesten 1929.