David Hilbert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
David Hilbert

David Hilbert (fødd 23. januar 1862 i Königsberg i Aust-Preussen, død 14. februar 1943) var ein tysk matematikar; professor i Göttingen 1895-1930.

Han skreiv doktoravhandlinga si, Über invariante Eigenschaften specieller binärer Forma, insbesondere der Kugelfunctionen i Königsberg i 1885.

Han var kanskje av dei fremste matematikarane på si tid og gav banebrytande bidrag til mange område i matematikken. Dei første arbeida hans omhandla teorien for dei algebraiske tala og formene. I boka si Grundlagen der Geometrie (1899) la han fram ein kritisk diskusjon av aksioma i geometrien og den logiske oppbygginga. Seinare arbeidde Hilbert med integrallikningar og heldt her fram arbeida til Erik Ivar Fredholm. Dei siste arbeida hans omhandla det alminnelege logiske grunnlaget for matematikken. Hilbert arbeidde òg med fysikk, mellom anna kinetisk gassteori og relativitetsteorien.

På den internasjonale matematikarkongressen i Paris i 1900 la Hilbert fram ei samling på 23 uløyste problem som han såg som sentrale for matematikken, og som han rekna ville la seg løyse i framtida. Desse vert omtalte som Hilbert sine problem. Mange av dei er framleis uløyste og dei har påverka utviklinga til matematikken på 1900-talet på ein gjennomgripande måte.

Hilbert vart utnemnt til æresdoktor ved Det Kongelege Fredriks Universitet i samband med feiringa av 100-årsdagen for fødselsdagen Niels Henrik Abel i 1902.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]