Hicham El Guerrouj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hicham El Guerrouj (t.v.) i Athen i 2004.

Hicham El Guerrouj (arabisk: هشام الݣروج) (fødd 14. september 1974) er ein tidlegare marokkansk langdistanse- og mellomdistanseløpar. Han held verdsrekorden på både 1500 meter, éi engelsk mil og utandørs 2000 meter. I tillegg har han VM-gull frå 1997, 1999, 2001 og 2003.

Hans fyrste medalje i OL-samanheng var eitt sølv på 1500 meter frå sommar-OL 2000 i Sydney, då han blei slått av kenyanaren Noah Ngeny. Dei største olympiske leikane for El Guerrouj var sommar-OL 2004 i Athen. Her sprang han inn til gull på både 1500 meter og 5000 meter. Hicham El Guerrouj trekte seg tilbake frå toppidretten etter Athen-leikane.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]