Noah Ngeny

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Noah Kiprono Ngeny (fødd 2. november 1978) er ein tidlegare kenyansk mellomdistanseløpar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Noah Ngeny tok ikkje til å springa aktivt før i 1996, men verda fekk auga opp for han allereie i 1997, då han sette to junior-verdsrekordar på respektive 1500 meter og ei engelsk mil. Ngeny heldt fram med å trena og betra forma si dei fylgjande åra.

Den 7. juli 1999, då Hicham El Guerrouj sette ny verdsrekord på ei engelsk mil i Roma, kom Ngeny på andreplass, og sprang også raskare enn den førre verdsrekorden. Hicham El Guerrouj sin rekord er framleis gjeldande, og resultatet til Ngeny er framleis verdas nest-raskaste engelske mil. Seinare same sesongen var det VM i friidrett i Sevilla. Her tok Noah Ngeny sølvmedalje på 1500 meter, berre slått av El Guerrouj. 5. september 1999 i Rieti i Italia sette Noah Ngeny ny verdsrekord på 1000 meter på 2,11.96. Denne rekorden står framleis i dag.

Noah Ngeny OL-debuterte under sommar-OL 2000 i Sydney. Her vann han olympisk gull på 1500 meter rett framfor Hicham El Guerrouj, og sette samtidig ny og gjeldande olympisk rekord på distansen. Etter Sydney-OL gjekk karrieren til Ngeny nedover, m.a. fordi han vart utsett for ei bilulukke i november 2001. I 2006 kunngjorde Noah Ngeny at han offisielt la toppidretten på hylla.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]