Hijaz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hijaz i Saudi-Arabia.

Hijaz eller Hedsjas ( arabisk الحجاز) er ein region vest i Saudi-Arabia mot Raudehavet frå Asir i sør til grensa mot Jordan i nord. Han er ca 300 000 km² i flatevidd. I den arabiske verda var Hedsjas ein provins kor islam voks fram på 600-talet. Han kom under Egypt etter at Bagdadkalifatet fall i 1258. Frå 1517 kom området til å ligge under osmanarane.

Etter omkring 1200 vart det indre styret teke hand om av emirane i Mekka. Frå 1845 blei den osmanske overhøgvørde meir tilstades og meir avskydd, og i 1916 gjorde ein lokal leiar, Hussain I ibn Ali, opprør mot osmanarane. Han fekk stønad frå England og Lawrence av Arabia og tok tittelen konge av Hedsjas. Ibn Saud av Nedsjd erobra kongeriket i 1925 slik at etter 1932 gjekk Hedsjas inn i kongeriket Saudi-Arabia under kong Ibn Saud.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hijaz