Hildebrandslied

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Del 1

Hildebrandslied, eller Songen om Hildebrand,[1] er eit gammalt germansk heltedikt som er bevart i eit handskrift frå 800-talet. Diktet er ein av dei eldste kjente tekstane på tysk.

Handskriftet[endre | endre wikiteksten]

Det einaste bevarte eksemplaret av Hildebrandslied er ved Universitetsbiblioteket i Kassel. Teksten står spreidd på to forskjellige sider i eit større handskrift som truleg blei skrive i Fulda-klosteret kring 830. Boka inneheld dei to bibelske tekstane Sapienta salomonis og Jesus Sirak på latin, og Hildebrandslied står som eit omslag på fyrste og siste side i boka. Slutten manglar, ettersom det tydelegvis ikkje var nok plass til heile diktet.

Det bevarte fragmentet har 68 langlinjer med stavrim. Diktet er skrive ned i ei gammalsaksisk/bayersk språkform med innslag av typisk angelsaksiske former. Dei høgtysktalande munkane i Fulda har truleg skrive av etter eit eldre førelegg på lågtysk.[1]

Den fyrste vitskaplege utgåva av Hildebrandslied blei gjeven ut av Grimm-brørne i 1812.

Etter 1945 var handskriftet ei tid i USA som krigsbytte, der uforsiktige antikvarar skilde den eine sida frå resten av skriftet. Fyrst i 1972 blei ho sameina med resten av boka.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Del 2

Hildebrandslied er det einaste bevarte germanske heltediktet på tysk frå tidleg mellomalder. Det tek for seg ein episode frå sogekrinsen om Didrik av Bern. Fragmentet gjev hovudsakleg att ein dialog mellom Didrik sin våpenmeister Hildebrand og sonen hans Hadubrand. Då Hildebrand følgde med Didrik på flukta austover frå Odoaker, forlét han kona og ein nyfødd son. Når han etter tretti år vender tilbake, blir han møtt av ein ung krigar som utfordrar han til holmgang. Hildebrand spør om namnet til krigaren før kampen, og oppdagar at det er hans eigen son. Han prøver då å hindra kampen, men Hadubrand tar det berre som eit teikn på feigskap frå den gamle mannen. Kampen byrjar, og spyda fell i skurer mot skjolda. Så grip krigarane til øksene, og høgg skjolda i småbitar.

Her ender fragmentet, og ein får ikkje vita korleis kampen endar. Det finst likevel andre versjonar av soga. Den norrøne Ásmundar saga kappabana viser til den same scena, og her er det liten tvil om at kampen får eit fatalt utfall for Hadubrand. I Didrikssoga frå 1200-talet og i den såkalla Yngre Hildebrandslied, ei tysk folkevise som er bevart i fleire versjonar frå 1400- til 1600-talet, blir Hadubrand overvunnen, men overlever og erkjenner at han har kjempa mot sin eigen far.

Historisk kan handlinga førast tilbake til 400-talet, då Odoaker – som var blitt keisar i Vestromarriket i 476 – kjempa mot gotarkongen Teoderik den store. I den germanske segnverda blir Teoderik kalla Didrik av Bern.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Haarberg, Jon et al.: Verdens litteratur Den vestlige tradisjon. Oslo 2007. Side 146.