Plattysk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plattysk
Plattdüütsch, Platt, Nedderdüütsch
Klassifisering Indoeuropeisk
 Germansk
  Vestgermansk
Bruk
Tala i Tyskland, Nederland, Brasil, USA, Argentina, Paraguay, Uruguay, Canada, Mexico
Område Nord-Europa
Plattysktalande i alt 5 millionar
Rangering Ikkje topp-100
Skriftsystem det latinske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-1 -
ISO 639-2 nds
ISO 639-3 nds

Plattysk, nedertysk eller lågtysk er eit vestgermansk språk nært i slekt med nederlandsk og frisisk som først og fremst blir tala i det nordlege Tyskland. Plattysk var hovudspråket for hansaene i seinmellomalderen og kom til å få svært sterk innverknad på dei skandinaviske språka.

Plattysk skil seg ut frå høgtysk ved at den høgtyske konsonantforskyvinga ikkje har funne stad, og stort sett òg ved mangelen av diftongering av dei gamle lange vokalane î og û.

Nedertysk kan delast i tre greiner: Nedersaksisk, austnedertysk og nederfrankisk. Dei første to blir hovudsakleg tala i dagens Nord-Tyskland. Den siste omfattar nederlandsk og afrikaans som blir tala i Sør-Afrika.

Engelsk og frisisk er utvikla frå ei eldre form for nedertysk, gammalsaksisk (også kalla gammalnedertysk).

Utbreiing til andre område[endre | endre wikiteksten]

I hansatida var nedertysk lingua franca i heile Austersjøområdet, noko som i stor grad har prega utviklinga av dei skandinaviske språka. Ein reknar med at mellom 30 og 40 prosent, eller meir, av det daglege norske vokabularet er av nedertysk opphav.[1]

Utvandring til Amerika og i nokre høve eksistensen av religiøse samfunn som mennonittar har ført til at språket blir tala i land som Canada, USA, Mexico, Sør-Afrika, Sentral-Asia, Bolivia, Argentina, Brasil, Paraguay og Uruguay.

Nokre norske ord
med opphav i lågtysk

Historie[endre | endre wikiteksten]

Plattysk stammar frå mellomnedertysk som blir datert til tida mellom 1150 og 1600. Dette språket igjen utvikla seg frå gammalnedertysk eller gammalsaksisk.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Arne Torp. «Nordiske språk i fortid og nåtid». Nordisk språkhistorie. Norden.no. Arkivert frå originalen 29. april 2016. 
  2. Cathrine Theodorsen (20. februar 2018). «Middelnedertysk». Store norske leksikon. Henta 9. august 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikipediaplattysk

Wikipedianederlandsk-plattysk

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.