Hirohito av Japan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
裕仁 (Hirohito)
昭和天皇 (Shōwa tennō)
Emperor Hirohito coronation 1928.jpg
Frå kroninga av Hirohito
Keisar av Japan
Regjeringstid 25. desember 19267. januar 1989
Fødd 29. april 1901 i Tokyo
Død 7. januar 1989
Føregjengar Yoshihito av Japan
Gift med Keisarinne Kojun av Japan

Hirohito (29. april 19017. januar 1989) var keisar av Japan frå 1926 til han døydde. Han var nummer 124 i rekkja over keisarar av Japan. Etter at han døydde er han i Japan kjend som Shōwa-keisaren. Regjeringstida hans var den lengste til nokon japansk keisar, i ei tid der det japanske samfunnet gjekk gjennom mange endringar.

Hirohito var keisar under andre verdskrig, då den japanske krigsmakta la under seg store delar av Aust-Asia og Stillehavet. Det har vore eit ordskifte om kor mykje ansvar keisaren hadde for det som hende. Mykje av den politiske makta låg hjå militærregjeringa, som kan samanliknast med ein junta. Hirohito hadde trass i dette innblikk i arbeidet og planlegginga deira, oftast utan å protestera. Hirohito vart i byrjinga av si regjeringstid rekna som guddommeleg etter Shinto-religionen, men sa frå seg statusen som guddom etter at krigen var slutt. Han var den fyrste japanske keisaren som tala til folket sitt i radio, i ei tale der han sa frå seg sin guddommelege status. Då han døydde vart han etterfylgd av sonen Akihito av Japan.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hirohito av Japan
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Hirohito av Japan
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.