Akihito av Japan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Akihito
明仁
Akihito 090710-1600b.jpg
Keisar av Japan
Regjeringstid Frå 7. januar 1989 til no
Fødd 23. desember 1933
Føregjengar Hirohito av Japan
Gift med Michiko Shoda
Born Kronprins Naruhito av Japan (f. 1960)


Prins Fumihito av Japan (f. 1965)


Sayako Kuroda (f. 1969)

Akihito av Japan (fødd 23. desember 1933) er den noverande keisaren av Japan. Han kom på trona den 7. januar 1989, då faren Hirohito døydde. Kroninga fann stad den 10. november 1990. Akihito sin fødselsdag vert frå 1989 feira som Japan sin offisielle nasjonaldag. Akihito sitt offisielle keisarnamn er Heisei. I Japan blir keisaren aldri nemnd med namn, men omtalt som tennō heika eller berre heika, (天皇陛下, 'Hans Majestet Keisaren').

Familie[endre | endre wikiteksten]

Akihito er son av keisar Hirohito og keisarinne Kōjun. Han var det femte barnet deira, men den eldste sonen.

Akihito vart gift med Michiko Shoda den 10. april 1959. Saman er dei foreldra til:

  1. kronprins Naruhito av Japan (fødd 23. februar 1960; gift med Masako av Japan - ei dotter)
  2. prins Fumihito av Japan (fødd 30. november 1965; gift med Kiko Kawashima - to døtrer)
  3. Sayako Kuroda (fødd 18. april 1969; gift i november 2005 med Yoshiki Kuroda)

Viskapleg arbeid[endre | endre wikiteksten]

Som far sin har keisar Akihito interessert seg for marinbiologi. Han har publisert fleire artiklar om fisketaksonomi knytt til familien Gobiidae i tidsskrifta Gene og Japanese Journal of Ichthyology.[1] I 2005 fekk ein fisk i denne familien et vitskaplege namnet Exyrias akihito etter han.

Keisaren har også skrive artiklar om vitskapshistorie under Edotida og Meijirestaurasjonen som blei publiserte i Science[2] og Nature.[3]

Keisaren er medlem i det iktyologiske selskapet i Japan og æresmedlem ved Linnean Society of London og Zoological Society of London. I 2007 fekk han ein æresgrad ved Universitetet i Uppsala.

Ordenar[endre | endre wikiteksten]

Keisaren har motteke ei rekkje ordenar, både frå Japan, som Krysantemumordenen, Oppstigande sol-ordenen og Den heilage skatt-ordenen, og frå mange andre land. Mellom ordnane er òg St. Olavs Orden sitt Storkors med kjede, tildelt i 2001.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Akihito av Japan

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Alan Hamilton (30 May 2007), «Palace small talk problem solved: royal guest is a goby fish fanatic», The Times (London), http://www.timesonline.co.uk/tol/news/uk/article1857043.ece ; Søk i PubMed
  2. Akihito (Oct 1992). «Early cultivators of science in Japan». Science 258 (5082): 578–80. doi:10.1126/science.1411568. PMID 1411568. 
  3. His Majesty The Emperor of Japan (Jul 2007). «Linnaeus and taxonomy in Japan». Nature 448 (7150): 139–140. doi:10.1038/448139a. PMID 17632886. 
Spire Denne samfunnsartikkelen som har med Japan å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.