Holsavatnet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Holsavatnet | |
|---|---|
|
|
|
| Stad | Førde (Sogn og Fjordane) |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Overflateareal | 3,33 km² |
| Kystlengd1 | 16,78 km |
| Høgd over havet | 131 moh |
| 1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. | |
Holsavatnet er eit vatn i bygda Holsen i Førde kommune i Sogn og Fjordane. Fjellet Drøsinga stuper i vatnet på sørsida, elles er det mange gardsbruk som ligg ved vatnet. Holsen kyrkje ligg ved nordenden, her er òg Holsen skule. Rv13 følgjer vatnet på nordsida. Vatnet er rikt på aure, og er rekna som eit bra fiskevatn.