Hosni Mubarak
Muhammad Hosni Sayyid Mubarak (arabisk محمد حسني سيد مبارك), (fødd 4. mai 1928 i Kafr-el-Meselha i Al Minufiyah-provinsen) er ein egyptisk politikar og militæroffiser, som var president i Egypt frå 1981 til 2011. Han etterfølgde Anwar Sadat då han vart drepen i 1981.
Innhaldsliste |
Karriere [endre]
Mubarak har ein bachelorgrad i militærvitskap og bachelorgrad i flygingsvitskap. Han har vore offiser i det egyptiske flyvåpenet, og jobba seg oppover i gradene til han var ein av dei øvstkommanderande for flyvåpenet i Egypt. I 1975 vart han utnemnt til visepresident av Anwar Sadat, og hadde stillinga fram til mordet på Sadat 6. oktober 1981.
I 1991 var Egypt under Mubarak sterkt involvert i Golfkrigen på sida til SN. I 2003 stilte han seg kritisk til krigen imot Irak, fordi han meinte at den israelsk-palestinske konflikten burde løysast fyrst.
Uro i Egypt [endre]
Den 7. september 2005 vann Mubarak det fyrste presidentvalet i Egypt der fleire kandidatar fekk stilla til val. Ifylgje Aftenposten gjorde valet presidenten uroleg, og han stramma difor inn i den politiske fridomen i Egypt. Under parlamentsvalet i 2010 vann Det nasjonaldemokratiske partiet, partiet til presidenten, men få egyptarar såg på dette valet som fritt. Dette var ein av grunnane til at Den egyptiske revolusjonen i 2011 braut ut i januar 2011, med store opptøyer blant egyptarane. [1] Etter store protestar i fleire veker gjekk Mubarak av som president 11. februar 2011 og overlet makta til det øvste militærrådet.
Familie [endre]
Hosni Mubarak er gift med Suzanne, og dei har sønene Alaa og Gamal saman.
| Føregjengar Anwar Sadat |
President i Egypt 1981–2011 |
Etterfylgjar Mohamed Morsy |
Kjelder [endre]
- Engelsk Wikipedia om Hosni Mubarak, henta inn 29. januar 2011.
- Bokmålswikipedia om Hosni Mubarak, henta inn same dato.