Den egyptiske revolusjonen i 2011

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Demonstrasjon i Kairo fredag 28. januar 2011.
Foto: Mariam Soliman
Demonstrantar på Tahrir-plassen i Kairo fredag 4. februar.
Foto: Mona Seif
Revolusjonsjubel i Alexandria den 15. februar.
Foto: Mohamed Adel

Den egyptiske revolusjonen var ein oppreist i Egypt frå januar 2011 mot styret til president Hosni Mubarak. Gjennom gatedemonstrasjonar, sivil ulydnad og streik i ei rekkje byar vart presidenten og fleire medlemmer av regjeringa hans tvinga til å gå av.

Demonstrasjonane blei utløyste av det vellukka opprøret i Tunisia. Trass eit generelt demonstrasjonsforbod blei det gjennom nettsamfunn og flygeblad mobilisert til masseprotestar den 25. januar, som offisielt var ein dag for å heidra politiet i landet. Dei tidlege protestane retta seg mot politivald, permanent unntakstilstand, feilslegne lover, arbeidsløyse, ønske om å auke minstelønna, bustadmangel, stigande matprisar, korrupsjon, mangel på ytringsfridom og dårleg levestandard.[1] Etterkvart utvida dei krava til å omfatta avgangen til Mubarak og styret hans.

Opprørspoliti, sivilt politi og innleigde bøller brukte hjelpemiddel som tåregass, skytevåpen, køyretøy og dyr mot demonstrantane. Desse gjennomførte likevel okkupasjonar av Tahrir-plassen i Kairo og Sidi Gaber-plassen i Alexandria, i tillegg til demonstrasjonar ei rekkje andre stader. Etter fleire veker med folkeleg oppstand og streikar, og sterkt internasjonalt press mot regimet, kunngjorde den nyutnemnde visepresidenten Omar Suleiman at president Mubarak var gått av den 11. februar. I staden for Mubarak overtok eit militært råd leia av Mohamed Hussein Tantawi makta. 13. februar opplyste dei at den upopulære grunnlova var ute av kraft og oppløyste parlamentet, men at regjeringa Mubarak hadde utnemnd ville bli sitjande.[2] 3. mars gjekk statsminister Ahmed Shafik likevel av til fordel for Essam Sharaf, ein tidlegare transportminister med større støtte frå opprørarane.[3] 19. mars godkjende 77 % av veljarane ei grunnlovsendring som la avgrensingar på presidentembetet.

Fleire hundre døydde under oppstanden og fleire tusen blei skadde. Offisielle tal frå 22. februar oppgav talet på dokumenterte døydde som 384 og skadde som 6 467.[4] Menneskerettsgrupper meiner talet er høgare, ei av dei har dokumentert 686.[5] Fleire tusen blei arresterte under oppreisten, mange av dei torturerte.[5]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Mubarak sitt presidentskap[endre | endre wikiteksten]

Hosni Mubarak prega Egypt gjennom offentlege avbildingar, som her, og som nær eineveldig president.
Foto: Karen Green, 2010

Luftvåpenoffiseren Hosni Mubarak blei president i Egypt i 1981, etter attentatet på den tidlegare militærdiktatoren Anwar Sadat. Regjeringstida hans på 30 år er den lengste for nokon egyptisk president.[6] Mubarak og hans Nasjonale Demokratiske Parti (NDP) styrte i praksis Egypt som ein eittpartistat ved hjelp av ein vedvarande unntakstilstand, tryggingstenester og lover som passa dei.[7] Før oppreisten hadde Mubarak ingen visepresident, men frå rundt 2000 hadde han meir og meir byrja førebu landet på at sonen Gamal skulle overta styret etter han.[8]

Regimet hans fekk militær støtte av USA på grunn av kampen hans mot islamistar og den rimeleg vennlegsinna politikken mot Israel.[7] Samstundes syner dokument frå Wikileaks at USA også har støtta demokratirørsla i Egypt med fleire hundre millionar kroner i året.[9] Som resultat av denne tosidige politikken har reaksjonane på Hosni Mubarak sitt udemokratiske styre vore splitta, og dei fleste tilfella av sosial uro i landet, når dei i det heile fann stad, fekk sjeldan merksemd i media,[10] men den amerikanske støtta til demokratikreftene over tid har medverka til dei demonstrasjonane som kom i januar 2011.[9]

Unntakstilstand[endre | endre wikiteksten]

Ved byrjinga hadde Egypt vore i unntakstilstand (Lov nr. 162 av 1958) sidan 1967,[11] med eitt enkelt avbrot i 18 månader på 1980-talet. Under denne lova er politifullmakter utvida, grunnlovsfesta rettar suspenderte og sensur tillate.[12] Lova innskrenkar kraftig politisk aktivitet for andre enn regjeringa. Demonstrasjonar, ikkje-godkjente politiske organisasjonar og uregistrerte pengegåver er formelt forbodne. Rundt 17 000 menneske vart ved utbrotet av oppreisten haldne fengsla under loven, og det finst estimat på at tal på politiske fangar var så høge som 30 000.[13]

Under unntakstilstanden har regjeringa lov til å fengsle menneske på uavgrensa tid, praktisk tala utan grunn, og å halde dei fengsla utan rettssak i vilkårleg lange tidsperiodar. Regjeringa hevda mellom anna at islamistiske opposisjonsgrupper som Den muslimske brorskapen kan få makt i Egypt viss den noverande regjeringa ikkje får føresteg i parlamentsval, konfiskerte eigedom frå hovudfinansmennene til gruppa, og arresterte toppfigurane til gruppa.

Korrupsjon[endre | endre wikiteksten]

Grafitti på Kasr al-Nil-brua under den egyptiske oppreisten kallar Mubarak ein tjuv.

Under Mubarak sitt regime fekk korrupsjon gjennomsyra det egyptiske samfunnet. Transparency International, som kartlegg korrupsjon, gav i sin korrupsjonsindeks for 2010 Egypt ein CPI-skår på 3.1, på ein skala der 10 er lite korrupt og 0 er svært korrupt. Egypt kom på 98. plass av dei 178 landa som var med i rapporten.[14]

Mubarak-familien og fleire partitoppar i NDP har tent seg særs rike på samanblanding av offentlege og private interesser. Den amerikanske professoren Aladdin Elaasar estimerte verdiane til Mubarak-familien til mellom 50 og 70 milliardar dollar.[15][16] Den tidlegare partisekretæren Ahmed Ezz skal ha verdiar for rundt 18 milliardar egyptiske pund, medan den tidlegare busetjingsministeren Ahmed al-Maghraby skal vera verdt over 11 milliardar egyptiske pund.[17]

Levekår[endre | endre wikiteksten]

Befolkningspyramide for Egypt i 2005.

Egypt har hatt eit sterkt folkeauke frå 30 083 419 innbyggjarar i 1966[18] til rundt 79 millionar i 2008.[19] Mange egyptarar, spesielt dei unge, har hatt problem med å finna seg arbeid og bustad. Mot slutten av 2010 hadde rundt 40 % av innbyggjarane ei dagleg inntekt på rundt 2 US-dollar. Mange var avhengige av subsidierte varer.[20] Problem med arbeidsløyse råka fleire samfunnsklassar. Blant ungdom med høgare utdanning var arbeidsløysa nesten ti gonger så stor som for folk som berre hadde grunnskuleutdanning. Mange av desse misnøgde utdanna var aktive i protestane.[21]

Politivald[endre | endre wikiteksten]

Ein politisk karikatur av Carlos Latuff som førestiller Khaled Said i det han held opp ein dinglande Hosni Mubarak.

Bruk av sivilkledde politistyrker (ar. mukhabarat) og innhyrte bøller (baltageya), finansiert av regjeringspartiet, har vore eit kjennemerke på Mubarak-regjeringa.[22] Den egyptiske menneskerettsorganisasjonen har dokumentert 567 tilfelle av tortur, blant dei 167 dødsfall, utførte av politiet mellom 1993 og 2007.[23]

6. juni døydde Khaled Mohamed Said under omstridde omstende i Sidi Gaber i Alexandria.[24] Augevitne fortalde at han var blitt slegen ihjel av politiet. Familien blei fortald av styresmaktene at han hadde blitt kvelt av ein stor dose narkotika.[25] 25. juni det året leidde Mohamed ElBaradei ein demonstrasjon i Alexandria mot denne påståtte mishandlinga frå politiet, og vitja Saeed sin familie for å kondolera.[26] Unge egyptarar sette opp to facebookgrupper på arabisk og engelsk kalla «Me er alle Khaled Said» i protest mot valden. Den anonyme administratoren på eine gruppa, Wael Ghonim, blei seinare ein kjend person under oppreisten.[27] Medlemmer av reformrørsla 6. april-ungdommen, som Asmaa Mahfouz, engasjerte seg også for saka.

Vilkår for demokrati og ytringsfridom[endre | endre wikiteksten]

Styret i Egypt var framstilt som demokratisk, med val av nasjonalforsamling og i eit høve president. I praksis vann likevel alltid Mubarak og NDP alle vala, medrekna folkeavstemmingar om grunnlovsendringar. Det var vanskeleg å registrera seg for å stemma, og stemmelokale kunne stengast vilkårleg. Opposisjonsparti kunne bli forbodne og kandidatar truga eller fengsla, noko som til dømes gjekk ut over Den muslimske brorskapen. Kort tid etter at kandidaten for El-Ghad-partiet Ayman Nour vann oppslutting ved det første «opne» presidentvalet i 2005, blei han fengsla skulda for falsk.[28][29]

I løpet av dei siste ti åra under Mubarak fekk egyptarar tilgang til nye, private media i tillegg til dei statlege. Sjølv om desse til ei viss grad var kontrollerte av regimet, uttrykte mange av dei misnøye med ulike sider ved det egyptiske samfunnet.[30] I tillegg voks det fram såkalla «nye media», som bloggar, som styresmaktene vanskeleg kunne kontrollera. Bloggarar og aktivistar som prøvde protestera mot regimet blei ofte mishandla og fengsla, men makta likevel å bygga opp nettverk av misnøgde.[31] Slike internettaktivistar kunne spreia informasjon om problem som politivald og hindring av frie val eller arbeidarprotestar til ein vid skare.[32]

Opprør[endre | endre wikiteksten]

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

14. januar gjekk president Ben Ali i Tunisia gjekk av etter veker med protestar. Den tuiniske oppstanden hadde byrja etter at Mohamed Bouazizi brende seg sjølv til døde i protest mot behandling frå styresmaktene. 17. januar sette ein egyptar fyr på seg sjølv framfor det egyptiske parlamentet.[33] Seinare prøvde rundt fem andre òg å brenna seg sjølv.[34]

25. januar: Krav om rettar[endre | endre wikiteksten]

Fleire «ungdomsgrupper» oppfordra i dagane fram mot 25. januar, ein dag som var nasjonal politidag til minne om heltemodig innsats av politiet under det britiske styret. I staden oppfordra grupper som «Me er alle Khaled Said» og 6. april-ungdommen egyptarar til å gjera dagen til ein dag for «vreide» og «opprør» der dei skulle «krevja rettene sine» i 20 000 flygeblad.[35] Asmaa Mahfouz filma to oppfordringar til å protestera og nådde ut til mange ved å leggja dei ut på Facebook.[36] Ei rekkje politiske rørsler og offentlege personar gav si støtte til protestane, men andre grupper oppfordra folk til ikkje å delta, mellom anna Tagammu-partiet, Den muslimske brorskapen og Den koptiske kyrkja.[37]

Demonstrantar på «Vreidedagen», 25. januar

Som vanleg var protestane ulovlege, ettersom ein ikkje hadde fått løyvde til å demonstrera, og styresmaktene varsla at dei ville senda ut tryggleiksstyrker for å stoppa dei og arrestera demonstrantar som til dømes hindra trafikk.[35] Avgrensa, lokale protestar hadde allereie vore vanlege tidlegare, men store protestar og opprør som braut over heile landet var noko Egypt ikkje hadde opplevd tidlegare.[38] For fyrste gong hadde egyptarar frå alle samfunnslag og med forskjellig sosioøkonomisk bakgrunn teke del i protestar.[39][40]

Organisatorane av demonstrasjonane hadde lagt vekt på at dei skulle utfalda seg på fredeleg vis, og «fredeleg», salmeya, var eitt av slagorda deira. Demonstrasjonane byrja fleire stader og i Kairo gjekk dei mot Tahrir-plassen - tahrir tyder 'frigjering'. Denne første dagen blei dei møtt av politistyrker som danna levande murar mot demonstrantane, men som også brukte batongar, tåregass og vasskanonar for å spreia dei. Nokre av demonstrantane svara med steinkasting. I Kairo døydde ein politimann som var blitt råka av ein stein, medan tre demonstrantar blei drepne i Suez. Det blei utført fleire hundre arrestasjonar.[41] Fleire nettstader, som Twitter, og mobiltelefonar blei blokkert av styresmaktene, men Facebook og Blackberry-nettverket blei verande opne.[42][43] Folk som budde nær Tahrir-plassen opna dei lokale nettverka sine slik at demonstrantar kunne kommunisera med omverda.[44]

26. januar eskalerte uroa og valdsbruken, særleg i Suez, der demonstrantar blei skotne med skarpt. Dei svarte med å tenna på fleire offentlege bygningar, blant dei politistasjonen.[45][46] Demonstrantar i Kairo blei fjerna frå Tahrir-plassen, men samla seg i staden i Gelaa-vegen like ved. Den amerikanske utanriksministeren Hilary Clinton uttalte at protestane var eit høve for den egyptiske regjeringa til å iverksetja «politiske, økonomiske og sosiale reformer».[41]

27. januar blei det meldt frå offisielt hald at seks personar vart drepne og minst 860 demonstranter var arresterte.[47] Andre kjelder hevda at meir enn 1 000 var blitt arresterte.[48] Ein av dei som forsvann sporlaust var internettaktivisten Wael Ghonim, som blei bortført av tryggleiksstyrker den 25. januar. I Sheikh Zoweid i Sinai-regionen blei ein uvæpna beduinardemonstrant skoten og drepen av tryggleiksstyrker. Drapet blei filma, og blei raskt spreidd.[49]

28. januar - Vreidefredagen[endre | endre wikiteksten]

Sivilkledd politi slår ein demonstrant i Kairo 28. januar. Bilete frå Al-Jazeera.

Framfor dei varsla demonstrasjonane etter fredagsbøna 28. januar, som fekk namnet «Vreidefredagen»,[50] blei teletenester i landet avbrotne. Det blei meldt at dei største nettleverandørane hadde blokkert trafikk inn i og ut or landet. Mobiltelefon-nettet blei òg blokkert, men fasttelefonar blei rapporterte som å fungere.[51] Styresmaktene nekta for at dei stod bak dette.[52]

Politi og militære blei utplasserte for å halda opprøret under kontrol, og det blei rapportert om antiterror-elitestyrker i gatene i Kairo.[51][53] Fredsprisvinnaren Mohamed ElBaradei slutta seg til demonstrasjonane, men blei halden att av politiet saman med ei gruppe av 2 000 demonstrantar som var omringa av politiet.[50]

Trass i tiltaka kom fleire titusen ut i gatene for å demonstrera, og det braut ut samanstøyt mellom tryggleiksstyreker og demonstrantar fleire stader. I Kairo gjekk fleire tog mot Tahrir-plassen. Nokre av dei blei forsøkt hindra i å ta seg over Qasr al-Nil-brua, som leier til plassen, men etter å ha pressa mot politi, vasskanonar og tåregass i fleire timar kom folkemassen seg over. Film og bilete frå «slaget» viste mellom anna korleis demonstrantar som knelte og bad blei spylte med vasskanon.[54] I den første av fleire rapportar om bilar førte av regimestøttarar som køyrte over sivile blei det fortald at ein politibil køyrte gjennom folkemassen medan han spreidde tåregass.[55][56][57]

NDP-bygget i brann 28. januar.

Demonstrantar tok kontroll over mange tryggleikskøyretøy, som dei anten gjorde ukøyrbare eller tende på. Dei omringa utanriksdepartementet og bygningen til statskringkastinga, medan hovudkontoret til NDP blei sett fyr på.[58] Etter å ha blitt utesperra av politiet frå Tahrir-plassen mesteparten av dagen, strøymde demonstantane inn på ettermiddagen og okkuperte plassen.[55] Ein journalist rapporterte at nokre polititilsette tok av seg uniformene og tok del i demonstrasjonane, medan folkemengda jubla til dei som gjekk over på sida til demonstrantane.[59]

I Alexandria blei fleire demonstrantar og tilfeldige offer skotne. Eit av drapa blei filma og seinare spreidd på Internett. Det syner ein uvæpna mann som blir skoten på kloss hald av politiet.[60] Demonstrantar tende på bygningen til guvernementsadminitrasjonen og ei rekkje politistasjonar.[55]

Suez opplevde eit dramatisk døgn der det blei meldt om elleve sivile drepne og 170 skadde. Det blei meldt at minst 1 030 var blitt skadde denne dagen i heile landet.[53]

Demonstrantar oppå militær beltevogn på Tahrir-plassen, 29. januar.
Foto: Ramy Raoof

Det blei innført portforbod i alle byar og alle flyavgangar frå Kairo blei innstilte.[61] Den egyptiske hæren blei send ut i Kairo, Alexandria og Suez og prøvde å danna ein nøytral buffer mellom politi og demonstrantar.[53] Innanriksministeren Habib el-Adly skal så ha gjeve ordre til alle politifolk om å trekka seg ut av Kairo, og i staden gje innhyrte bøller i oppdrag å laga uro. Denne kvelden blei også fangar sleppte fri frå fleire fengsel. I løpet av dei neste dagane opplevde byen plyndring og vald, og det blei danna vernande nabolaggrupper. Det blei også danna ein menneskeleg mur rundt Det egyptiske museet i sentrale Kairo, for å verna oldsakene der mot plyndrarar.[62]

29. januar - Første talen til Mubarak[endre | endre wikiteksten]

Like etter midnatt talte Hosni Mubarak til egyptarane for første gong sidan protestane byrja. Han erklærte at nokre av demonstrantane hadde rettmessige krav, men at demonstrasjonane hadde utarta og truga stabiliteten i landet, og åtvara mot framande element.[63] Vidare fortalde han at han ville skifta ut regjeringa si. Neste dag utnemnde presidenten etteretningsleiaren Omar Suleiman til visepresident, ei stilling han aldri tidlegare hadde besett.[53] Luftfartsministeren og den tidlegare sjefen for det egyptiske flyvåpnet, Ahmed Shafik, blei ny statsminister og fekk i oppdrag å danna ei ny regjering.[64] Mubarak gav ingen uttrykk for at han sjølv ville gå av.[65]

Demonstrantar held ei symbolsk gravferd 29. januar.
Foto: Mariam Soliman

Uroa heldt fram og fleire tusen menneske var ute i gatene i Kairo. Demonstrantane vart skildra av reportarar som meir sjølvsikre enn dagen før, og feira det dei følte var enden på Mubarak sin presidentskap, men likevel utan handfaste prov på at dette var i ferd med å skje.[66]

Klokka 13:00 erklærte hæren portforbod for Kairo, Alexandria og Suez frå klokka 16:00 til 8:00. Portforbodet frå dagen før hadde hatt «nesten ingen verknad i det heile» ifølgje Al Jazeera English, og demonstrantane heldt fram å samlast ved Tahrir-plassen.[66] Tilgangen til Pyramidekomplekset ved Giza blei stengt på grunn av omstenda, men turistbyen Sharm el-Sheikh blei sagt å vere roleg. Ubekrefta meldingar gjekk ut på at Mubarak sin familie hadde flykta til England, noko som seinare viste seg å ikkje stemma.[67]

30. januar: Tusentals demonstrantar fortsette okkupasjonen av Tahrir-plassen. ElBaradei kom til plassen og talte til folkemengda. Ulike land byrja å evakurera sine statsborgarar frå Egypt, eller råda dei til å forlata landet.[53]

31. januar: Hæren gav ei viss støtte til demonstrantane som dei sa hadde legitime krav, og sa at dei ikkje ville bruka makt mot dei. Den nye visepresidenten Omar Suleiman fekk i oppdrag å opna dialog med «alle politiske parti» om reform av grunnlova.[58]

1. februar - Andre talen til Mubarak[endre | endre wikiteksten]

Demonstrantar kviler på Tahrir-plassen. Mange slo leir på plassen medan dei venta på at Mubarak skulle gje etter for kravet om å gå av.

Opprørana mot regimet kalla inn til ein «millionmarsj» mot regimet. Fleire hundre tusen, kanskje over ein million, demonstrerte i Kairo, fleire tusen i Alexandria og andre byar. Mubarak heldt sin andre fjernsynstale. Han sa klart frå at han ikkje kom til å søka gjenval i september og lova grunnlovsendringar. Han ville likevel ikkje gå av med ein gong, slik demonstrantane kravde.[53][58]

2. februar: Hæren bad demonstrantane om å dra heim ettersom krava deira var blitt innfridde. Opprørarane nekta, ettersom hovudkravet deira, at Mubarak skulle gå av, ikkje var det. Det blei halde mange demonstrasjonar til fordel for Mubarak. I motsetnad til opprørsdemonstrasjonane blei desse viste på statleg fjernsyn. «Bøller», folk sende inn av NDP-leiarar, gjekk til åtak på Tahrir-plassen med steinar og slagvåpen.[68][58] Demonstrantane svarte med å kasta stein tilbake og bygde barrikadar. Slaget om Tahrir-plassen heldt fram gjennom dagen. I bilete som gjekk verda over kom også folk ridande inn på hestar og kamelar mot demonstrantane. Desse sa seinare at dei var fredelege demonstrantar som var blitt fanga opp av dei voldsame folkemassane.[69]

3. februar: Om natta blei det skote mot demonstrantar på Tahrir-plassen. Minst fem døydde og fleire andre blei skadde.[53]

4. februar: Opprørarane innkalla til massedemonstrasjonar på denne dagen, som blei kalla «Avreisedagen».[53] Det blei send inn fleire militære til Tahrir-plassen, og motstridande gruper blei halde frå kvarandre slik at dagen gjekk fredeleg for seg.[58]

5. februar: Fleire leiarar i NDP trekte seg frå partiet, mellom anna presidentsonen Gamal Mubarak. Hossam Badrawi frå den liberale fløyen i partiet blei utnemnd til ny partisekretær. I Sinai eksploderte ein gassleiding til Israel i det styresmaktene skildra som eit terroråtak.[53]

7. februar: Internettaktivisten Wael Ghonim blei lauslaten etter at demonstrantane hadde utropt han til sin symbolske talsmann.[53] I eit intervju på den private fjernsynskanalen Dream TV ordsette han bakgrunnen for demonstrasjonane og gret for dei mange som var blitt drepne. Intervjuet inspirerte mange heimesitjarar til å gå ut i gatene neste dag.[27]

Tog mot nasjonalforsamlinga 7. februar.
Foto: Amr Farouq Mohammed

8. februar: Igjen samla store mengder demonstrantar seg. I Kairo byrja ein okkupasjon utanfor nasjonalforsamlinga, i tillegg til Tahrir-plassen, der mange demonstrantar no hadde fått seg telt. Omar Suleiman erklærte at styresmaktene ikkje ville finna seg i langvarige protestar. Han erklærte også at regimet ville setja i gang arbeid med ei rekkje endringar av grunnlov og lovverket elles.[53]

9. februar: I den avsidesliggjande oasebyen Wadi al-Jadid blei det meldt at fleire demonstrantar var blitt skotne av politiet i løpet av protestar dagen før og gjennom natta. Helsepersonell meldte om fem døde og hundre såra. Fleire fagforeiningar gjekk ut i streik og gjennomførte demonstrasjonstog i ei rekkje byar. Nokre kravde betre løn, andre at Mubarak skulle gå av.[53]

10. februar - Tredje talen til Mubarak[endre | endre wikiteksten]

Statsminister Shafik utnemnde ein komité som skulle undersøka «ulovleg praksis» i samband med opprøret. Den einaste nye personen i den nyutnemnde regjeringa, kulturminister Gaber Asfour, trekte seg, offisielt av helsegrunnar. Tre tidlegare ministrar fekk forbod mot å reisa frå landet og eigedelane deira blei frosne. Tryggleikssjefen i Wadi al-Jadid fekk sparken og politioffiseren som gav ordre om å skyta på demonstrantar blei arrestert.[53]

Leiande egyptarar ga uttrykk for at Mubarak kom til å gå av denne dagen. Store folkemengder samla seg i byane, klare til å feira. Då Mubarak i den etterlengta tredje talen sin sa at han framleis ville sitja som president fam til valet i september, men overføra noko av makta si til visepresidenten, reagerte folk med sinne. Dei hytta i vêret med skorne sine og marsjerte mot fleire bygningar: Presidentpalassa i Kairo og Alexandria og hovudbygningen til statskringkastinga, Maspero, i Kairo.[53]

11. februar: Fleire grupper gjekk ut i streik og titusenar demonstrerte mot regimet. Tidleg om kvelden kom Omar Suleiman med ei kort kunngjering om at presidenten hadde gått av. Det øvste rådet av leiarane i hæren hadde mellombels teke over makta, medan Mubarak og familien hadde drege til Sharm el-Sheikh.[53][58]

«Det nye Egypt»[endre | endre wikiteksten]

Folkemasse med egyptiske flagg ved cornichen i Alexandria under ei markering for demokrati, og til minne om avdøde, den 15. februar.
Foto: Mohamed Adel

13. februar oppløyste det najonale militærrådet nasjonalforsamlinga og opphevde grunnlova. Rådet sa i ein fjernsynstale at det ville sitja ved makta i seks månader og arbeida for å byggja ein fri demokratisk stat, med eit sivilt styre og ei ny grunnlov.[70] Militæret oppfordra folk til å slutta med demonstrasjonar og streikar. Tahrir-plassen blei opna for trafikk att og telta fjerna. Mange demonstrantar forlét plassen eller blei fjerna, men nokre tusen kom att dagen etter.[53] Men hæren stod også bak antidemokratiske handlingar: I samband med fjerninga av demonstrantane, og ved fleire andre høve, samarbeidde dei med sivilkledde politifolk, arresterte fredelege demonstrantar, torturerte dei og stilte sivile for militærdomstolar.[71]

Regjeringa utnemnd av Mubarak, bortsett frå ministrar under etterforsking, blei sitjande. Viktige delar av maktapparatet, som Nasjonale Demokratiske Partiet og dei statlege tryggleikstenestene, heldt fram å fungera. Den 3. mars gjekk statsminister Ahmed Shafik likevel av etter eit kjensleladd debattprogram på fjernsyn kvelden før. Essam Sharaf, ein tidlegare minister som hadde trekt seg frå regjeringa i 2005, blei utnemnd til ny statsminister.[70]

Makulert papir i hovudkvarteret til tryggleikstenestene i Kairo.

4. mars byrja eit folkeleg opprør mot tryggleikstenestene. I Alexandria stoppa folk menn som kom ut av hovudkvarteret til tryggleikstenestene med fulle søppelsekkar og fann makulerte papir oppi dei. Dei byrja ein demonstrasjon utanfor hovudkvarteret og klarte etterkvart, med hjelp frå hæren, å ta seg inn. Etter dette marsjerte folk i heile Egypt mot tryggleiksbygningar, og fann ei rekkje døme på brenning eller makulering av dokument og fjerna harddiskar. Av materiale som var att fann ein ei rekkje døme på overvaking. Fangar blei funne og sleppte fri og bygningar brende.[70] 15. mars blei tryggleikstenesta nedlagd.[72]

Eit grunnlovsutval la fram forslag til endringar i grunnlova som mellom anna omfatta korta ned presidentperiodane frå seks til fire år, og avgrensa kvar president til maksimalt to periodar. Det blei også stilt krav om at dei måtte utnemna ein visepresident. Embetet skulle avgrensast til personar over førti og dei måtte ikkje vera gifte med ikkje-egyptarar. 19. mars gjekk egyptarane til røysteurnene over dei føreslegne endringane i grunnlova. Røystinga hadde ei oppslutting på 41,2 %, og mange veljarar deltok for første gong.[73][74] Endringane blei godkjende av 77 %.[75]

Internasjonale reaksjonar[endre | endre wikiteksten]

Organisasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Flagget til EU Den europeiske unionen sin utenrikspolitiske sjef Catherine Ashton sagde at dei egyptiske myndigheitene burde lytte til folket, handtere problema deira og respektere retten deira til å demonstrere. Ho oppfordra dei egyptiske myndigheitene til «å respektere og verne den retten som egyptiske statsborgarar har til å manifestere sine politiske ambisjonar».[76][77]
  • Flagget til Det sameinte nasjonane SN sin generalsekretær Ban Ki-moon sagde at verdsleiarane bør sjå dei egyptiske protestane som eit høve for å fremje dei «legitime engstingane» som det egyptiske folket har. Han oppfordra òg lokale myndigheiter til å avstå frå vald. Navi Pillay, høgkommissæren for menneskerettar sagde at frustrasjonane folket gav uttrykk for var forårsaka av plutselege lovendringar. Ho oppfordra den egyptiske regjeringa til å tillate tilgang til internett og mobiltenester.[78]

Statar[endre | endre wikiteksten]

  • Flagget til Noreg Noregs utanriksminister Jonas Gahr Støre «orsakar djupt at liv er gått tapa under demonstrasjonane i Egypt». Støre oppfordra myndigheitene til å godtake ytringsfridrom og «grunnleggjande politiske og økonomiske rettar».[79]
  • Flagget til Sverige Sveriges utanriksminister Carl Bildt fordømde myndigheitene si sperring av internett og samanlikna tilfellet med Burma i 2007, då liknande sperring skjedde. Han sagde at sperringa av internett «openbert» ikkje var noka løysning for situasjonen i landet.[80]

Reiserestriksjonar[endre | endre wikiteksten]

I løpet av januar valte fleire reisebyrå og utenrikstenester i fleire land å fråråde reiser til Egypt.[81] Norsk UD «frårår reiser eller opphald til Egypt som ikkje er strengt naudsynlege»,[82] og liknande melding kom frå det svenske utanriksdepartementet.[83] Den amerikanske ambassaden i Kairo bad sine amerikanske borgarar om å forlate landet så snøgt som mogleg.[84] Tyrkia valte å evakuere 750 menneske frå landet, og Folkerepublikken Kina frarådde reiser til Kairo.[84]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jailan Zayan (2011-01-25), AFP – Egypt braces for nationwide protests, AFP, http://www.google.com/hostednews/afp/article/ALeqM5hP30nA0bbEaHZKjlpUKhdHxoN8Cg?docId=CNG.95111380dfbe35f8a08d6124c5e915e8.71 
  2. el-Malawani, Hania (13 February 2011), Egypt's military dismantles Mubarak regime, http://news.smh.com.au/breaking-news-world/egypts-military-dismantles-mubarak-regime-20110214-1as8u.html 
  3. Egypt's prime minsiter quits, new govt soon-army, Forexyard.com, http://www.forexyard.com/en/news/Egypts-prime-minsiter-quits-new-govt-soon-army-2011-03-03T093300Z, henta 5 March 2011 
  4. Egypt’s revolution death toll rises to 384, Al Masry Al Youm, 22 February 2011, http://www.almasryalyoum.com/en/node/326562, henta 22 February 2011 
  5. 5,0 5,1 Mai Shams El-Din og Safaa Abdoun (March 9, 2011), «Death toll 686 since Jan.25 protests, say rights groups», Daily News Egypt, http://www.thedailynewsegypt.com/egypt/death-toll-686-since-jan25-protests-say-rights-groups.html 
  6. «Egypt: A Nation in Waiting». http://documentarystorm.com/politics/a-nation-in-waiting/. Henta 15 February 2011. 
  7. 7,0 7,1 «Hosni Mubarak», The New York Times, 8 March 2010, http://topics.nytimes.com/top/reference/timestopics/people/m/hosni_mubarak/index.html, henta 25 January 2011 
  8. Aziz, Muhammad Abdul and Hussein, Youssef (2002) "The President, the Son, and the Military: Succession in Egypt" Arab Studies Journal 9/10: pp. 73–88; Bee, Jason (2008) "The Heir Apparency of Gamal Mubarak" Arab Studies Journal pp. 36–56
  9. 9,0 9,1 «Amerikansk millionstøtte til Mubarak-motstandere» Aftenposten 27. januar 2011, vitja 28. januar 2011
  10. The US response to Egypt's protests, CSMonitor.com, http://www.csmonitor.com/World/Backchannels/2011/0126/The-US-response-to-Egypt-s-protests, henta 2011-01-26 
  11. Law 1958/162 (Emergency Law) at EMERglobal Lex, ein del av Edinburgh Middle East Report. Vitja 2011-01-27.
  12. Egypt After 9/11: Perceptions of the United States 26. mars, 2004
  13. Egyptian Lawyer's Death Triggers Cairo Protests, Washington Report On Middle East Affairs, July/August 1994, http://www.washington-report.org/backissues/0794/9407060.htm 
  14. CPI 2010 table, Transparency International, http://www.transparency.org/policy_research/surveys_indices/cpi/2010/results, henta 2010-10-26 
  15. Elaasar, Aladdin (28 January 2011), Egyptians Rise Against Their Pharoah, http://www.huffingtonpost.com/aladdin-elaasar/egyptians-rise-against-th_b_815520.html, henta 6 February 2011 
  16. Egypt's Mubarak Likely to Retain Vast Wealth, ABC News, http://abcnews.go.com/Business/egypt-mubarak-family-accumulated-wealth-days-military/story?id=12821073&page=2, henta 5 February 2011 
  17. Obama optimistic about Egypt as negotiators make concessions, AHN, http://www.allheadlinenews.com/briefs/articles/90033584?Obama%20optimistic%20about%20Egypt%20as%20negotiators%20make%20concessions, henta 9 February 2011 
  18. The British Oxford economic atlas of the World 4th edition, ISBN 0-19-894107-2
  19. Central Agency for Population Mobilisation and Statistics — Population Clock (July 2008), Msrintranet.capmas.gov.eg, http://www.msrintranet.capmas.gov.eg/pls/fdl/tst12e?action=&lname=, henta 25 August 2010 
  20. AFP (25 January 2011), Egypt braces for nationwide protests, France24, http://www.france24.com/en/20110125-egypt-braces-nationwide-protests, henta 29 January 2011 
  21. The long-term economic challenges Egypt must overcome, 1 February 2011, http://marketplace.publicradio.org/display/web/2011/02/01/pm-the-long-term-challenges-egypt-must-overcome/, henta 1 February 2011 
  22. David KirkpAtrick; Kareem Fahim (3. februar 2011), Gunfire Rings Out as Protesters Clash, http://www.nytimes.com/2011/01/26/world/middleeast/26egypt.html, henta 3. Februar 2011 
  23. Egyptian police sued for boy's death, BBC News, 13 August 2007, http://news.bbc.co.uk/2/hi/africa/6943704.stm, henta 3. februar 2011 
  24. «Anger on the streets of Cairo», The National]], 2010-06-13, http://www.thenational.ae/apps/pbcs.dll/article?AID=/20100614/FOREIGN/706139877/1011, henta 2010-07-13 
  25. «Egyptian man's death became symbol of callous state», Washington Post, 2011-02-09, http://www.washingtonpost.com/wp-dyn/content/article/2011/02/08/AR2011020806360.html, henta 2011-03-15 
  26. «ElBaradei leads anti-torture rally», Al Jazeera English, 2010-06-26, http://english.aljazeera.net/news/middleeast/2010/06/201062642955204618.html, henta 2010-07-13 
  27. 27,0 27,1 Hisham Wyne (March 15, 2011), Wael Ghonim: The reluctant revolutionary, gulfnews.com, http://gulfnews.com/news/region/egypt/wael-ghonim-the-reluctant-revolutionary-1.773738 
  28. «The best man always wins», The Economist, Jul 15th 2010, http://www.economist.com/node/16564130?story_id=16564130 
  29. «Regression analysis», The Economist, Mar 15th 2007, http://www.economist.com/node/8861479 
  30. «Democracy's hard spring», The Economist, Mar 10th 2011, http://www.economist.com/node/18332630 
  31. «Don't be too cheeky», The Economist, Oct 21st 2010, http://www.economist.com/node/17312290?story_id=17312290 
  32. «Bloggers may be the real opposition», The Economist, Apr 12th 2007, http://www.economist.com/node/9010890?story_id=E1_JDTDRJD 
  33. Zayed, Dina (16 January 2011), «Egyptians set themselves ablaze after Tunisia unrest», Reuters, http://www.reuters.com/article/2011/01/18/us-tunisia-egypt-immolation-idUSTRE70H3L720110118, henta 12 February 2011 
  34. Hauslohner, Abigail (20 January 2011), «After Tunisia: Why Egypt Isn't Ready to Have Its Own Revolution», Time, http://www.time.com/time/world/article/0,8599,2043497,00.html, henta 12 February 2011 
  35. 35,0 35,1 «Security Forces To Deal Strictly with 'Illegal' 25 January Protest», Al-masry Al-youm, 23 January 2011, http://www.almasryalyoum.com/en/node/303405, henta 18. mars 2011 
  36. Mekay, Emad (11 February 2011), Arab Women Lead the Charge, Inter Press Service, http://ipsnews.net/news.asp?idnews=54439 
  37. Afify, Heba (24 January2011), «Activists Hope 25 January Protest Will Be Start of 'Something Big'», Al-masry Al-youm, http://www.almasryalyoum.com/en/news/activists-25-january-protest-be-start-something-big, henta 14 March 2011 
  38. Dan Murphy (2011-01-25), Inspired by Tunisia, Egypt's protests appear unprecedented, The Christian Science Monitor, http://www.csmonitor.com/World/Backchannels/2011/0125/Inspired-by-Tunisia-Egypt-s-protests-appear-unprecedented 
  39. Kareem Fahim (2011-01-25), «Violent Clashes Mark Protests Against Mubarak’s Rule», The New York Times, http://www.nytimes.com/2011/01/26/world/middleeast/26egypt.html 
  40. Interview with Hossam el-Hamalawy, Al Jazeera English, 27. januar 2011, http://english.aljazeera.net/indepth/features/2011/01/201112792728200271.html, henta 28. januar 2011 
  41. 41,0 41,1 «Clinton Calls for reform in Egypt», Al Jazeera English, http://english.aljazeera.net/news/middleeast/2011/01/201112617427113878.html, henta 26 January 2011 
  42. Tre drept i uroen i Egypt, 2011-01-25, http://www.vg.no/nyheter/utenriks/artikkel.php?artid=10037671 
  43. «Protests in Egypt and unrest in Middle East – as it happened», The Guardian, 2011-01-25, http://www.guardian.co.uk/global/blog/2011/jan/25/middleeast-tunisia 
  44. Egypt: Night Falls, After Day of Rage, GlobalVoices, 26. januar 2011, http://globalvoicesonline.org/2011/01/26/egypt-night-falls-after-day-of-rage 
  45. «More Casualties as Protests Escalate in Egypt», National Post, 22 December 2010, http://www.nationalpost.com/news/world/More+casualties+protests+escalate+Egypt/4173057/story.html, henta 26 January 2011 
  46. «Protesters Torch Egypt Police post», Al Jazeera English, 27 January 2011, http://english.aljazeera.net/news/middleeast/2011/01/201112734210243448.html 
  47. «Egypterne trosser truslene» Aftenposten 27. januar 2011, vitja 27. januar 2011
  48. «At least 1000 arrested during ongoing 'Anger' demonstrations», Al-masry al-youm, 26. januar 2011, http://www.almasryalyoum.com/en/node/306521 
  49. «Drapet som kan få Egypt til å eksplodere», Dagbladet, 28. januar 2011, http://www.dagbladet.no/2011/01/28/nyheter/utenriks/egypt/15228684/ 
  50. 50,0 50,1 «ElBaradei holdes tilbake av politiet i Egypt» Aftenposten 28. januar 2011, vitja 28. januar 2011
  51. 51,0 51,1 Internet, phones down as Egypt braces for protests, Yahoo News/Associated Press, 28. januar 2011, Arkivert frå den opphavlege versjonen den 2011-01-30, http://web.archive.org/web/20110130102259/news.yahoo.com/s/ap/20110128/ap_on_bi_ge/ml_egypt_protest 
  52. «Egypt tense ahead of protests», Al-Jazeera English, 28. januar 2011, http://english.aljazeera.net/news/middleeast/2011/01/201112804035404906.html 
  53. 53,00 53,01 53,02 53,03 53,04 53,05 53,06 53,07 53,08 53,09 53,10 53,11 53,12 53,13 53,14 53,15 Timeline: Egypt's revolution, Al Jazeera, 14 Feb 2011, http://english.aljazeera.net/news/middleeast/2011/01/201112515334871490.html 
  54. Al-Masry Al-Youm, 8/01/2011, http://www.almasryalyoum.com/en/node/307306 
  55. 55,0 55,1 55,2 «Protests in Egypt - as they happened», The Guardian, 2011-01-28, http://www.guardian.co.uk/news/blog/2011/jan/28/egypt-protests-live-updates 
  56. Mohamed Elmeshad (Sun, 13/03/2011 - 13:44), Revolution realization: The deaf and mute protest, http://www.almasryalyoum.com/en/node/351235 
  57. Ahmad Barqawi (10 February 2011), «Egypt's revolution through a million eyes», The Electronic Intifada, http://electronicintifada.net/v2/article11789.shtml 
  58. 58,0 58,1 58,2 58,3 58,4 58,5 Egypt protests: Key moments in unrest, BBC News, 11 February 2011, http://www.bbc.co.uk/news/world-middle-east-12425375 
  59. Military Deploys in Cairo Amid Growing Protests, Mubarak Addresses Nation, PBS, 28. januar 2011, http://www.pbs.org/newshour/rundown/2011/01/military-presence-in-cairo-amid-growing-protests.html 
  60. Shocking 'Egypt images' emerge, Aljazeera English, 06 Feb 2011, http://english.aljazeera.net/news/middleeast/2011/02/201126145542683316.html 
  61. «Curfew in cities as army deployed», BBC News, 28. januar 2011, http://www.bbc.co.uk/news/world-middle-east-12311007, henta 28. januar 2011 
  62. Sallie Pisch (Feb 6th, 2011), «Egyptians come together in time of crisis», Bikyamasr, http://bikyamasr.com/wordpress/?p=25872&utm_source=twitterfeed&utm_medium=twitter 
  63. Transcript: Egyptian President Hosni Mubarak Speech January 10, 2011, clipsandcomment.com, February 10, 2011, http://www.clipsandcomment.com/2011/02/10/transcript-egyptian-president-hosni-mubarak-speech-january-10-2011/ 
  64. «Mubarak har utnevnt ny statsminister», VG Nett, 29. januar 2011, http://www.vg.no/nyheter/utenriks/artikkel.php?artid=10013601, henta 29. januar 2011 
  65. Updates on Friday’s Protests in Egypt, NYTimes.com, 28. januar 2011, http://thelede.blogs.nytimes.com/2011/01/28/latest-updates-on-protests-in-egypt/#egypts-president-to-dismiss-ministers, henta 29. januar 2011 
  66. 66,0 66,1 Breaking News. Al Jazeera English. 29. november 13:00 egyptisk tid
  67. «Rykteflom om at Mubaraks familie skal ha flyktet» VG Nett 29. januar 2011, vitja 29. januar 2011
  68. Ali Abdel Mohsen (18/03/2011), Thug life: Pro-Mubarak bullies break their silence, http://www.almasryalyoum.com/en/node/362243 
  69. Mubarak backers charge camels towards Tahrir: witness, Reuters, 2. februar 2011, http://uk.reuters.com/article/2011/02/02/us-egypt-protest-camels-idUKTRE7113QQ20110202 , Richard Spencer (05 Feb 2011), «Egypt protests: camel and horse riders who invaded Tahrir Square say they are 'good men'», The Telegraph, http://www.telegraph.co.uk/news/worldnews/africaandindianocean/egypt/8306223/Egypt-protests-camel-and-horse-riders-who-invaded-Tahrir-Square-say-they-are-good-men.html 
  70. 70,0 70,1 70,2 Ahdaf Soueif (8 March 2011), In Egypt it was silence or shouting. Now it's a great conversation, guardian.co.uk, http://www.guardian.co.uk/world/2011/mar/08/egypt-silence-shouting-great-conversation 
  71. Liam Stack (March 17, 2011), «Complaints of Abuse in Army Custody», New York Times, http://www.nytimes.com/2011/03/18/world/middleeast/18cairo.html?_r=3&pagewanted=1 
  72. Damien McElroy (15 Mar 2011), «Egypt dissolves hated state security agency», The Telegraph, http://www.telegraph.co.uk/news/worldnews/africaandindianocean/egypt/8383634/Egypt-dissolves-hated-state-security-agency.html 
  73. Egyptians vote in landmark referendum (video). Al-ahram online.
  74. The Associated Press (March 19, 2011 16:50 IST), Historic polls in Egypt after Hosni Mubarak's ouster, NDTV, http://www.almasryalyoum.com/en/node/362844 
  75. «Egypt referendum strongly backs constitution changes», BBC News, 20 March 2011, http://www.bbc.co.uk/news/world-middle-east-12801125 
  76. Roee Nahmias (26. januar 2011 kl. 19:07), Egypt clashes: 860 protestors arrested, YNetNews.com, http://www.ynetnews.com/articles/0,7340,L-4019629,00.html 
  77. EU urges Egyptian authorities to respect right of citizens, Kuwaitobserver.com, 26. januar 2011 kl. 06:15, http://kuwaitobserver.com/news/newsfull.php?newid=465460, henta 30. januar 2011 kl. 18:48 
  78. UN warns Egypt of rights violations, 28. januar 2011 kl. 17:10, http://www.presstv.ir/detail/162435.html 
  79. Situasjonen i Egypt, Utenriksdepartementet, 28. januar 2011, http://www.regjeringen.no/nb/dep/ud/pressesenter/pressemeldinger/2011/situasjonen_egypt.html?id=632131 
  80. Foreign Minister Carl Bildt on the events in Egypt, Det svenske utenriksdepartementet, 28. januar 2011, http://www.regeringen.se/sb/d/7967/a/159996 
  81. Gjermund Glesnes (30. januar 2011 kl. 14:54), «Turoperatørene henter hjem alle fra Egypt», VG, http://www.vg.no/reise/artikkel.php?artid=10013664 
  82. Utenriksdepartementet, http://www.landsider.no/traveladvice/Offisielt-reiserad-for-Egypt/ 
  83. Oscar Julander (30. januar 2011), http://www.expressen.se/nyheter/1.2311213/resor-till-hela-egypten-avrads 
  84. 84,0 84,1 «Egypt's Military Shows Force. Will Protesters Yield?», Time magazine, 30. januar 2011, http://www.time.com/time/world/article/0,8599,2045147,00.html, henta 30. januar 2011 kl. 19:23 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Den egyptiske revolusjonen i 2011