Hovud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Proporsjonane til menneskehovudet av Leonardo da Vinci

Hovud er i anatomien den fremste lekamsdelen hjå dyr når han er utrusta med munn, hjerne, høgre sanseorgan, inngangsopningar til luftvegane og eventuelt eige skjelett, kranium eller hovudskalle. Hovudet er oftast meir eller mindre tydeleg avsett frå og rørleg i høve kroppen. Lågare virvellause dyr manglar eit eigentleg hovud.

I overført tyding kan ein nytta nemninga hovud om utvida endar av einstaka organ eller celler; t.d. ein fortjukka ende av ein røyrknokkel, leddhovud; utspringsdelen til ein muskel; den kjernehaldne delen i ei sædcelle.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]