Høgnorsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Høgnorsk».

Høgnorsk er ei nemning på ei uoffisiell form for nynorsk der målet er halde ved like i ubroten tradisjon etter det første nynorske skriftmålet (landsmål), som ein finn det hjå Ivar Aasen, Aasmund Olavsson Vinje, Arne Garborg og andre. Offisiell nynorsk veik av frå denne tradisjonen først og fremst ved rettskrivingsendringa i 1938, med ei tilmåting til rettskrivinga og ordvalet i bokmål og til målføra i Nord-Noreg, i Trøndelag og på Austlandet. Det er altså på desse områda høgnorsken skil seg frå offisiell nynorsk.

Høgnorskrørsla er i dag organisert i samskipnaden Ivar Aasen-sambandet. Dei to største lokallaga er Høgnorskringen i Oslo og Vestmannalaget i Bergen. Vestmannen og Målmannen er tidsskrift som kjem ut på høgnorsk.

Norsk Ordliste frå 1921 av Lars Eskeland er gjerne nytta som ordliste for høgnorsk.[1]

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet «høgnorsk» vart gjort kjent av Torleiv Hannaas i 1922 i artikkelen «Høgnorsk eller flatnorsk?». Der brukar han omgrepsparet høgnorsk og flatnorsk etter mønster frå høgtysk og plattysk. Hannaas dreg opp eit skilje mellom høgnorsken som blir tala i fjell-Noreg og fjordbygdene motsett flatnorsken ein tala i byane og bygdene på det flate Austlandet (dei same nemningane nytta òg Knut Liestøl i 1918, i ei utgreiing av 1917-rettskrivinga i Syn og Segn). «Høgnorsken» såg Hannaas som den beste og mest ekte, «flatnorsken» meinte han var mest oppblanda med dansk. Artikkelen er ein polemikk mot samnorskpolitikken som var i emning.

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Bøying av namnorda[endre | endre wikiteksten]

Høgnorske namnord og lagord vert bøygde i tal og bundenskap. Namnorda har tre kjønn; hankjønn, hokjønn og inkjekjønn. Desse har anten sterk eller linn bøying, som viser seg i endinga.

Døme på regelbundne sterke og linne namnord i alle kjønn:

eintal fleirtal sidefall
eintal fleirtal
kjønn ubd. bd. ubd. bd. bd. bd.
svakt hankjønn bakke bakken bakkar bakkane -am -om
sterkt hankjønn hest hesten hestar hestane -em
kvist kvisten kvister kvistene
sterkt hokjønn sol soli soler solene -enne
elv elvi elvar elvane
bok boki bøker bøkene
svakt hokjønn visa visa visor visone -onne
sterkt inkjekjønn land landet land landi -in
stykke stykket stykke stykki -jom
svakt inkjekjønn auga augat augo augo -an -om

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Nordbø, Børge (23. august 2015). «Høgnorsk». Store norske leksikon. Henta 1. juni 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]