Husbands and Wives av Roger Miller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Husbands and Wives
Singel av Roger Miller
frå albumet Words and Music
B-side «I've Been a Long Time Leavin' (But I'll Be a Long Time Gone)»
Utgjeve 1966
Sjanger Country
Lengd 2:23
Selskap Smash
Låtskrivar(ar) Roger Miller
Roger Miller-kronologi
«England Swings»
(1966)
Husbands and Wives «You Can't Roller Skate in a Buffalo Herd»
(1966)

«Husbands and Wives» er ein song skrive og spelt inn av den amerikanske countrysongaren Roger Miller. Originalen til Miller frå albumet Words and Music, vart gjeve ut i 1966 og vart ein hit på både countrylista og Adult Contemporary-lista, i tillegg til at han gjekk inn på Topp 40 på poplista. Songen har sidan vorte spelt inn av mange andre artistar, som The Everly Brothers, Ringo Starr, ein duett mellom David Frizzell og Shelly West, og av Brooks & Dunn, som nådde toppen av countrylista med versjonen sin i 1988. Neil Diamond har òg spelt songen.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

«Husbands and Wives» er ein mellomrask vals i F-dur. Forteljaren observerer eit par som er i ferd med å gjere det slutt («Two broken hearts, lonely, looking like houses / Where nobody lives»). Han meiner så at forholdet deira er spent fordi dei to er for stolte («It's my belief pride is the chief cause in the decline / In the number of husbands and wives»).

Roger Miller-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Roger Miller spelte inn songen i 1966 for albumet Words and Music,[1] og gav han ut som den første singelen frå albumet. Singelen nådde Topp 5 på både country- og Adult Contemporary-lista, i tillegg til Topp 40 på Billboard Hot 100. B-sida, «I've Been a Long Time Leavin' (But I'll Be a Long Time Gone)», nådde 13. plass på countrylista.[2]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1966) Plassering
U.S. Billboard Hot Country Singles 5
U.S. Billboard Hot 100 26
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 2
Kanadiske RPM Top Singles 14
Kanadiske RPM Adult Contemporary 10


David Frizzell- og Shelly West-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Husbands and Wives
Singel av David Frizzell og Shelly West
frå albumet Carryin' On the Family Names
Utgjeve 1981
Sjanger Country
Lengd 2:39
Selskap Warner Bros.
Produsent Snuff Garrett, Steve Dorff
David Frizzell og Shelly West-kronologi
«A Texas State of Mind»
(1981)
Husbands and Wives «Another Honky-Tonk Night on Broadway»
(1982)

David Frizzell og Shelly West spelte inn songen i 1981 for duettalbumet deira Carryin' On the Family Names, og gav han ut som den tredje og siste singelen frå albumet. Versjonen deira nådde Topp 20 på countrylista.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1981) Plassering
U.S. Billboard Hot Country Singles 16
Canadian RPM Country Tracks 38


Brooks & Dunn-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Husbands and Wives
Singel av Brooks & Dunn
frå albumet If You See Her
B-side «How Long Gone»
Utgjeve 28. september 1998
Sjanger Country
Lengd 3:10
Selskap Arista 13143
Produsent Don Cook, Kix Brooks, Ronnie Dunn
Brooks & Dunn-kronologi
«How Long Gone»
(1998)
Husbands and Wives «I Can't Get Over You»
(1999)

Country-duoen Brooks & Dunn spelte songen i 1998 for albumet If You See Her. Med solovokal frå Ronnie Dunn,[3] gav dei songen ut som den tredje singelen frå albumet og han nådde toppen av countrylista i desember 1998. Han nådde òg 36. plass på Billboard Hot 100.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Illegal chart entered Canadacountry|2

Liste (1998) Plassering
US Billboard Hot 100[4] 36
US Country Songs (Billboard)[5] 1

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Chadbourne, Eugene. «Words and Music review». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/r93208. Henta 26. august 2013. 
  2. Whitburn, Joel (2008). Hot Country Songs 1944 to 2008. Record Research, Inc. s. 278. ISBN 0-89820-177-2. 
  3. Pendragon, Jana. «If You See Her review». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/r352824. Henta 26. august 2013. 
  4. "& Dunn?f=379&g=Singles Brooks & Dunn Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Brooks & Dunn. Prometheus Global Media.
  5. "& Dunn?f=357&g=Singles Brooks & Dunn Album & Song Chart History" Billboard Country Songs for Brooks & Dunn. Prometheus Global Media.