Neil Diamond

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Neil Diamond

Neil Diamond, 2007
Fødd24. januar 1941 (83 år)
FødestadBrooklyn
FødenamnNeil Leslie Diamond
OpphavBrooklyn i New York i USA
Aktiv1958 til i dag
SjangerPop, rock, folk, country, softrock
InstrumentVokal, gitar, piano
Stemmetypebaryton
PlateselskapBang, Uni, MCA, Columbia
Verka somSynging-songwriter
PrisarMusiCares Person of the Year, Kennedy Center Honors, Johnny Mercer Award, Golden Raspberry Award for verste skuespiller, Rock and Roll Hall of Fame, stjerne på Hollywood Walk of Fame

Neil Leslie Diamond (fødd 24. januar 1941) er ein amerikansk songar og låtskrivar som starta karrieren sin i 1960-åra. Diamond har selt over 125 millionar plater verda over.[1] Han vert rekna som den tredje mest suksessrike adult contemporary-artisten gjennom tidene på Billboard-lista bak Barbra Streisand og Elton John.[2] Songane hans har vorte spelt inn av mange andre artistar innan forskjellige sjangrar.

Diamond vart innlemma i Songwriters Hall of Fame i 1984 og i Rock and Roll Hall of Fame i 2011. I tillegg har han fått Sammy Cahn Lifetime Achievement Award i 2000 og i 2011 vart han gjort ære på ved Kennedy Center Honors. På Hot 100- og Adult Contemporary-listene har Diamond hatt ti songar på toppen: «Cracklin' Rosie», «Song Sung Blue», «Longfellow Serenade», «I've Been This Way Before», «If You Know What I Mean», «Desiree», «You Don't Bring Me Flowers», «America», «Yesterday's Songs» og «Heartlight». Diamond er framleis aktiv og gjev stundom ut nye plater og legg ut på lange turnear.

Barndom og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Diamond var fødd i Brooklyn i New York i ein jødisk familie som stamma frå russiske og polske emigrantar. Foreldra hans var Rose (fødd Rapaport) og Akeeba «Kieve» Diamond, ein manufakturvareforhandlar.[3][4] Diamond voks opp fleire stader i Brooklyn, og gjekk på Abraham Lincoln High School.[5][6]

Ved Lincoln vart han medlem av ein fekteklubb. Han gjekk seinare på New York University med eit fektestipend, og spesialiserte seg i sabel, og var i 1960 medlem av NCAA-laget i fekting. Han har halde fram med fekting i vaksen alder og har brukt å varme opp til konsertane sine med fekting.

Ønsket hans i livet var å arbeide innan medisin, som han forklarte i eit intervju med Larry King:

« Eg ønskte eigentleg å bli ein laboratoriebiolog. Eg ønskte å studere. Og eg ønskte verkeleg å finne ein kur for kreft. Bestemora mi døydde av kreft. Og eg var alltid god i vitskaplege fag. Og eg tenkte at eg skulle prøve å finne ein kur for kreft. »

Siste året hans på New York University gav eit musikkforlag han eit tilbod han ikkje kunne takke nei til: eit tilbod om å skrive songar for 50 dollar i veka. Dette var starten på vegen til stjernene.

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

Diamond ved ein seremoni der han mottok ei stjerne på Hollywood Walk of Fame i august 2012

Neil Diamond har vore gift tre gonger. I 1963 gifta han seg med skulekjærasten, Jaye Posner, og dei fekk to døtrer, Marjorie og Elyn, før dei vart separert i 1967[7] og skild i 1969.[8] Diamond gifta seg så med Marcia Murphey, ein produksjonsassistent, og dei fekk òg to barn, sønene Jesse og Micah. Det andre ekteskapet til Diamond enda i 1994[8] eller 1995[7] (kjeldene varierer).

7. september 2011 annonserte Diamond at han hadde trulova seg med 41 år gamle Katie McNeil i ei melding på Twitter. McNeil er manageren til Diamond og var produsent for dokumentaren Neil Diamond: Hot August Nights NYC.[9] Dei gifta seg 21. april 2012 i Los Angeles i California.[10]

I 1979 kollapsa Diamond på scenen i San Francisco og vart køyrt til sjukehus der han måtte ha ein tolv timar lang operasjon for å fjerne det som viste seg å vere ein svulst på ryggraden hans.[11] Han sa han hadde mista kjensla i høgrefoten fleire gonger i åra før, men ignorert det. Han måtte gjennom ein lang rehabiliteringsprosess, like før filminga av filmen hans The Jazz Singer.[12] Han var så overtydd han kom til å døy at han skreiv avskjedsbrev til venene sine.[11]

Diamond er kjend for å ha på seg fargerike skjorter på scenen. Diamond har sagt at dette kom av at alle i publikum skulle ha høve til å sjå han utan å bruke kikkert.[13] Bill Whitten designa og laga skjorter for Diamond frå 1970-åra og fram til kring 2007.[14]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

1960-åra[endre | endre wikiteksten]

Den første platekontrakten til Diamond var for ein duo kalla «Neil and Jack», ein Everly Brothers–liknande duo som bestod av Diamond og skulekameraten Jack Packer *(Jack Parker). Dei spelte inn to singlar, «You Are My Love At Last» med «What Will I Do» og «I'm Afraid» med «Till You've Tried Love», begge kom ut i 1962, men selde dårleg. Seinare i 1962 signerte Diamond kontrakt med Columbia Records som soloartist. Columbia Records gav ut singelen «At Night» med «Clown Town» i juli 1963. Billboard skreiv varmt om «Clown Town» i utgåva som kom ut 13. juli 1963, og spådde at det kom til å bli ein hit. Trass i ein tur til mange radiostasjonar, gjekk ikkje singelen inn på listene. Sala var skuffande og Columbia droppa Diamond frå kontrakten kort tid etter. Diamond var attende skrive songar på eit piano i etasjen over Birdland Club i New York City.

Diamond var låtskrivar i Brill Building i den tidlege karrieren sin. Den første suksessen han fekk som låtskrivar kom i november 1965 med «Sunday and Me» som nådde Topp 20 for Jay and the AmericansBillboard-lista. Han fekk større skusess med «I'm a Believer», «A Little Bit Me, A Little Bit You», «Look Out (Here Comes Tomorrow)» og «Love to Love», alle av The Monkees. Mange har trudd at Diamond skreiv desse songane spesifikt for den oppdikta fjernsyns-kvartetten. I røynda hadde Diamond skrive og spelt inn desse songane for seg sjølv, men versjonane til The Monkees vart gjeven ut før hans versjonar.[15] Den utilsikta konsekvensen av dette var at Diamond byrja å bli kjend ikkje berre som songar og artist, men som låtskrivar. «I'm a Believer» vart kåra til årets popsong i 1966. Andre kjende artistar som spelte inn tidlege Diamond-songar var Elvis Presley, som tolka «Sweet Caroline» og «And the Grass Won't Pay No Mind», Mark Lindsay, tidlegare frontmann i Paul Revere & the Raiders, som song «And the Grass Won't Pay No Mind»; den engelske hardrockgruppa Deep Purple, som tolka «Kentucky Woman»; Lulu, som song «The Boat That I Row» og Cliff Richard, som gav ut versjonar av «I'll Come Running», «Solitary Man», «Girl, You'll Be a Woman Soon», «I Got the Feelin' (Oh No No)» og «Just Another Guy».

I 1966 signerte Diamond ein avtale med Bert Berns sitt Bang Records, som då var underlagt Atlantic Records. Den første utgjevinga hans for selskapet, «Solitary Man», vart den første hitten hans. Før utgjevinga av «Solitary Man» hadde Diamond vurdert å bruke scenenamn, og kom opp med to forslag, «Noah Kaminsky» og «Eice Charry».[16] Men då han spurte Bang Records om kva namn han skulle bruke, Noah, Eice eller Neil, tenkte han på bestemora, som døydde like før utgjevinga av «Solitary Man». Han sa derfor til Bang, «...ta Neil Diamond og så finn eg ut av det seinare». Diamond følgde seinare opp med «Cherry, Cherry», «Kentucky Woman», «Thank the Lord for the Night Time», «Do It» og andre. Diamond sine Bang-innspelingar vart produserte av dei legendariske Brill Building-låtskrivarane Jeff Barry og Ellie Greenwich, som begge syng korvokal på fleire av songane.

På den første konserten hans var han «spesiell gjest» for eller oppvarming for alt frå Herman's Hermits til The Who.

Diamond byrja å føle seg avgrensa av Bang Records, og ønskte å spele inn meir ambisiøs og sjølvgranskande musikk, som den sjølvbiografiske «Brooklyn Roads» frå 1968. Han fann eit smutthol i kontrakten sin og Diamond prøvde å signere ein ny kontrakt med eit nytt selskap. Resultatet var ei rekkje søksmål som kom samstundes med ein nedgang i karrieren hans. Diamond vann til slutt i retten og sikra seg eigarskap over innspelingane sine for Bang i 1977.

1970-åra[endre | endre wikiteksten]

Etter at Diamond hadde signert ein avtale i 1968 med MCA Records, som på den tida hadde etiketten Uni (etter Universal Pictures, eigd av MCA), flytta han til Los Angeles i 1970. Stilen hans vart mildare med songar som «Sweet Caroline» og «Holly Holy» i 1969, «Cracklin' Rosie» i 1970 og «Song Sung Blue» i 1972, sistnemnde nådde toppen av Hot 100-lista i USA. «Sweet Caroline» vart den første store hitten til Diamond etter nedgangsperioden. Diamond sa i 2007 at han hadde skrive «Sweet Caroline» for Caroline Kennedy etter å ha sett ho på omslaget til Life i rideutstyr.[17] Det tok han berre ein time å skrive songen på eit hotell i Memphis. I 1971 kom «I Am... I Said» som nådde Topp 5 både i USA og Storbritannia, ein song det tok opp mot fire månader å gjere ferdig.[18]

I 1972 spelte Diamond 10 utselde konsertar ved Greek Theatre i Los Angeles. Konserten frå den 24. august vart festa på lydband og gjeve ut som det doble konsertalbumet Hot August Night (tittelen er opningsorda i songen «Brother Love's Traveling Salvation Show»). Den hausten spelte han 20 konsertar på rad i Winter Garden Theater i New York City. Den vesle konsertstaden med kring 1600 seter gav ein intim setting som ikkje var vanleg på den tida. Visstnok var kvar konsert utseld.

Hot August Night syner Diamond som ein dugande artist og showmann, der han spelar gjennom gamle hittar med ny energi. Mange reknar albumet som det beste verket hans og kritikar Stephen Thomas Erlewine skreiv at Hot August Night var «den ultimate Neil Diamond-plata... [som] syner ikonet Diamond i full prakt».[19] I Australia vart albumet liggande på toppen av salslista i heile 29 veker og i 2006 vart det plassert på 16. plass i ein lesarundersøking om tidenes favorittalbum i Australia.[20] Den siste konserten til Diamond på den australske turneen hans i 1976 vart send til 36 TV-kanalar over heile landet den 6. mars. Han sette òg rekord for det største publikumet ved Sydney Sports Ground. Konserten i 1977, Love at the Greek, var eit nytt konsertalbum frå Greek Theatre, som inneheld ein versjon av «Song Sung Blue» i duettar med Helen Reddy og Henry Winkler, som òg er kjend som Arthur «The Fonz» Fonzarelli frå Happy Days.

I 1973 skifta Diamond selskap igjen og gjekk attende til Columbia Records der han fekk ein million dollar i forskot per album.[2][21] Det første prosjektet hans, gjeve ut som eit soloalbum, var filmmusikken til Hall Bartlett-filmen Jonathan Livingston Seagull. Filmen fekk dårleg kritikk og gjekk dårleg. Albumet skapte større inntening enn filmen. Richard Bach, som hadde skrive historia i filmen, kritiserte filmen. Både Bach og Diamond saksøkte regissøren Bartlett; Bach fordi han følte filmen tok bort for mykje av den originale novella, og Diamond fordi han følte filmen hadde slakta musikken hans.«After Jonathan», sa Diamond, «sverga eg at ikkje skulle bli involvert i ein film, med mindre eg hadde full kontroll». Bartlett svart på søksmålet til Diamond ved å kritisere musikken hans og kalla han «for glatt...og ikkje frå hjartet slik det pleidde å vere». Bartlett sa derimot òg at «Neil er uvanleg talentfull. Ofte er arrogansen hans berre for å dekke over den einsame og usikre personen under».[22]

Trass i kontroversen kring filmen, vart filmmusikken ein suksess og nådde andreplassen på Billboard-lista. Diamond fekk òg ein Golden Globe Award for beste originale musikk og Grammy-prisen for beste filmmusikk.[21] Frå der tok Diamond ofte med Jonathan Livingston Seagull-suiten i konsertane sine, og det same gjorde han på «Love at The Greek»-konserten i 1977. I 1974 gav Diamond ut albumet Serenade, med singlane «Longfellow Serenade» og «I've Been This Way Before». Sistnemnde hadde vore meint for Jonathan Livingston Seagull, men vart ikkje ferdig i tide for å vere med i filmen.

Opningskonserten ved Aladdin Theater for the Performing Arts den 2. juli 1976
Neil Diamond på den utselde opningskvelden ved Theater For the Performing Arts ved Aladdin Hotel & Casino; 2. juli 1976

I 1976 gav han ut Beautiful Noise, produsert av Robbie Robertson frå The Band. Thanksgiving-kvelden 1976 spelte Diamond på avskjedskonserten til The Band, The Last Waltz, der han song «Dry Your Eyes», som han hadde skrive i lag med Robertson, og som var med på Beautiful Noise. Han var òg med resten av artistane på slutten på Bob Dylan sin «I Shall Be Released».

Diamond tok imot 650 000 dollar frå Aladdin Hotel i Las Vegas i Nevada, for å opne det nye 10 million dollar dyre «Theater For the Performing Arts» den 2. juli 1976. Han spelte her kvar kveld fram til 5. juli 1976, og konsertsalen med 7500 seter var utseld kvar kveld. Mange kjendisar møtte opp på opningskvelden, frå Elizabeth Taylor til Chevy Chase.

I 1977 gav Diamond ut I'm Glad You're Here With Me Tonight, inkludert «You Don't Bring Me Flowers», som han skreiv musikken til, medan Alan Bergman og Marilyn Bergman skreiv teksten. Barbra Streisand spelte inn songen på hennar Songbird i ein duett med Diamond. Denne versjonen gjekk til topps i USA i 1978 og vart den tredje songen hans på toppen av Hot 100. Det siste albumet hans i 1970-åra var September Morn, med ein ny versjon av «I'm a Believer». Denne og «Red Red Wine» er dei mest kjende songane han skreiv som er blitt meir kjende for andre artistar.

I februar 1979 vart den livlege «Forever in Blue Jeans», skriven i lag med gitaristen Richard Bennett, ut ein singel frå You Don't Bring Me Flowers, som kom ut året før.

1980-åra[endre | endre wikiteksten]

Ein planlagd filmversjon av «You Don't Bring Me Flowers» med Diamond og Streisand i rollene vart ikkje noko av då Diamond i staden valde å gjere ein ny versjon i 1980 av Al Jolson-klassikaren The Jazz Singer, i lag med Laurence Olivier og Lucie Arnaz. Sjølv om filmen ikkje vart ein hitt, gav filmmusikken tre singlar som nådde Topp 10, «Love on the Rocks», «Hello Again» og «America». For rolla si i filmen fekk Diamond den aller første prisen for «verste skodespelar» under Razzie Award, sjølv om han vart nominert for ein Golden Globe Award for same rolla.

Ein annan hitsingel, «Heartlight», var inspirert av den populære filmen E.T. The Extra-Terrestrial frå 1982. Sjølv om hovudrolla i filmen aldri vert nemnt i teksten, truga Universal Pictures, som hadde publisert E.T. The Extra-Terrestrial og som dreiv Uni Records, då kalla MCA Records, som Diamond hadde spelt inn musikk for, med søksmål mot både Diamond og Columbia Records.

Platesalet til Diamond gjekk nedover i 1980- og 1990-åra og den siste singelen hans som gjekk inn på Billboard si Pop Singles-liste var i 1986. Konsertturneane hans trekte derimot framleis mykje folk. Billboard Magazine rangerte Diamond som den mest lønsame soloartisten i 1986.[23] I januar 1987 song Diamond nasjonalsongen ved Super Bowl. Songen hans «America» vart temasongen for presidentkampanjen til Michael Dukakis i 1988. Same året spelte UB40 inn ein reggae-versjon av Diamond-balladen «Red Red Wine» og toppa Billboard-lista i USA, og som Monkees-versjonen av «I'm a Believer», vart han meir kjend enn originalversjonen til Diamond.

1990-åra til i dag[endre | endre wikiteksten]

I 1990-åra gav Diamond ut seks studioalbum. Han spelte mange klassikarar frå filmar og frå kjende låtskrivarar frå Brill Building-tida. Han gav òg ut to julealbum. Det første av desse nådde åttandeplassen på Billboard-lista. Diamond spelte òg inn to album med låtar han skreiv sjølv. I 1992 spelte han for president George H.W. Bush på hans siste Christmas in Washington. I 1993 opna Diamond Mark of the Quad Cities (i dag iWireless Center) med to konsertar i slutten av mai, for opp under 30 000 menneske.

I 1990- og 2000-åra vart Diamond igjen meir populær. «Sweet Caroline» vart ein populær allsong ved sportshendingar, særleg i USA.[24] Urge Overkill spelte ein versjon av Diamond sin «Girl, You'll Be a Woman Soon» for Quentin Tarantino-filmen Pulp Fiction, som kom i 1994. I 2000 spelte Johnny Cash inn albumet American III: Solitary Man, og vann ein Grammy-pris for versjonen sin av «Solitary Man». Smash Mouth spelte Diamond sin «I'm a Believer» i 2001 for albumet deira kalla opp etter dei sjølv. I komedien Saving Silverman frå 2001 spelar hovudrollene i filmen i eit Diamond-coverband, og Diamond har ei lengre rolle som seg sjølv. Diamond skreiv til og med ein ny song, «I Believe in Happy Endings», for filmen. I denne perioden hadde komikaren Will Ferrell ei rekkje parodiar av Diamond på Saturday Night Live, og Diamond sjølv dukka opp i lag med Ferrell i det siste showet til Ferrell som ein «Not Ready For Prime Time Player» i mai 2002. «America» vart nytta i marknadsføringa for vinter-OL 2002. Det finske bandet HIM spelte «Solitary Man» på albumet And Love Said No: The Greatest Hits.

Diamond spelar i The Roundhouse i London 30. oktober 2010

Diamond har alltid hatt ein noko polariserande effekt, noko ein kanskje ser best døme på i filmen What About Bob? frå 1991 der ein av hovudpersonane seier: «Det finst to typar menneske i verda: dei som likar Neil Diamond og dei som ikkje gjer det.» Rollefiguren Bob skuldar det havarerte ekteskapet sitt på at kona var stor fan av Diamond. Eit anna døme på denn elsk-hat-motsetnaden finn ein Becker i episoden «It had to be Ew»[25] som stort sett går ut på å latterleggjere Diamond og fansen hans.

I november 2005 kom 12-songar, produsert av Rick Rubin, som kom i to utgåve, ei med 12 songar og ei spesialutgåve med to bonusspor, inkludert eitt med korvokal av Brian Wilson. Albumet gjekk inn på fjerdeplass på Billboard-lista og fekk generelt god kritikk. Earliwine i allmusic skildrar albumet som «utan tvil det den beste samlinga av Neil Diamond-songar på lang, lang tid».[26]

31. desember 2005 spelte Diamond på Dick Clark's New Year's Rockin' Eve 2006, og framførte «Cherry, Cherry» på konsert via satelitt.

I 2007 vart Diamond innlemma i Long Island Music Hall of Fame.[27] I april 2008 var Diamond gjeste-mentor på American Idol, der Diamond song ein ny song, «Pretty Amazing Grace» frå albumet hans Home Before Dark.[28]

Home Before Dark kom ut 6. mai 2008 og toppa albumlista i New Zealand, Storbritannia og USA.[29] 25. august 2008 spelte Diamond ved Ohio State University medan han hadde strupekatarr. Diamond og fansen var begge misnøgde med framføringa og Diamond tilbaud seg å gje attende billettpengane til dei som hadde vore der.[30] Diamond fekk prisen MusiCares Person of the Year i februar, 2009.

I august 2008 vart ein av konsertane til Diamond filma og sidan gjeve ut på DVD i 2009 som Hot August Night/NYC. I oktober 2009 gav han ut A Cherry Cherry Christmas, det tredje albumet hans med julemusikk, og i november 2010 kom albumet Dreams, ei samling på 14 songar av favorittsongane hans. I 2011 vart Diamond innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i lag med Alice Cooper, Darlene Love, Dr. John og Tom Waits. I august 2012 fekk Diamond ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.[31]

2. juli 2013 gav Diamond ut singelen «Freedom Song (They'll Never Take Us Down)», der 100 % av inntektene gjekk til One Fund Boston og Wounded Warrior Project.[32]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Diskografien til Neil Diamond.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wire Staff, CNN (5. desember 2011). «Arts, politics mingle at annual Kennedy Center Honors». CNN. Henta 19. august 2013. 
  2. 2,0 2,1 Ruhlmann, William. «Neil Diamond Biography». AllMusic.com. Henta 19. august 2013. 
  3. Neil Diamond: Solitary Star - Rich Wiseman - Google Books. Books.google.ca. Henta 19. august 2013. 
  4. Neil Diamond: His Life, His Music, His Passion - Laura Jackson - Google Books. Books.google.ca. Henta 19. august 2013. 
  5. Boyer, David. "Neighborhood Report: Flatbush: Grads Hail Erasmus as It Enters a Fourth Century", The New York Times, March 11, 2001. Henta 19. august 2013.
  6. Hechinger, Fred M. "About Education: Personal Touch Helps", The New York Times, January 1, 1980. Henta 19. august 2013. "Lincoln, an ordinary, unselective New York City high school, is proud of a galaxy of prominent alumni, who include the playwright Arthur Miller, Representative Elizabeth Holtzman, the authors Joseph Heller and Ken Auletta, the produsent Mel Brooks, the synging Neil Diamond and the songwriter Neil Sedaka."
  7. 7,0 7,1 Schneider, Karen S (April 29, 1996). «Period of Change». People. Arkivert frå originalen 20. august 2013. Henta 19. august 2013. «The sadness permeating much of the album is evoked not only by Diamond's artistic expression but by his very real sense of loss since the end last year of his 25-year-marriage to Marcia Murphey, 54.» 
  8. 8,0 8,1 «Neil Diamond, 71, Marries His Manager, 42». Us. April 22, 2012. 
  9. Fernandez, Sofia M. (September 7, 2011). "Neil Diamond Engaged to Manager Katie McNeil". The Hollywood Reporter.
  10. «Neil Diamond gets married!». Access Hollywood via Yahoo News. April 22, 2012. Henta 19. august 2013. 
  11. 11,0 11,1 Juke Magazine, June 9, 1983.
  12. Billen, Andrew (June 27, 2008). «Neil Diamond Heads To Glastonbury: Neil Diamond is a bigger hit than ever — at the darkest time of his life». Arkivert frå originalen 15. juni 2011. Henta 19. august 2013. 
  13. Interview, An Audience With Neil Diamond, transmitted on 31 May 2008 (ITV1).
  14. "Neil Diamond: the hurt, the dirt, the shirts". The Telegraph. May 3, 2008.
  15. Interview, Friday Night with Jonathan Ross, sendt 23. mai 2008 (BBC One).
  16. Devine, Rachel (June 1, 2008). «Pick of the week: Neil Diamond». The Sunday Times. Henta March 11, 2011. 
  17. CBS "Sunday Morning" November 5, 2008
  18. Jackson, Laura (2005). Neil Diamond: His Life, His Music, His Passion. ECW Press. s. 80–81. 
  19. Allmusic.com Hot August Night
  20. ABC Australia My Favourite Albums Arkivert 2014-04-14 ved Wayback Machine.. Abc.net.au. Henta 19. august 2013.
  21. 21,0 21,1 * Johnson, Anne Janette "Neil Diamond Biography", Musician Guide
  22. Arrington, Carl (April 5, 1982). «Having Survived a Tumor and The Jazz Singer, Neil Diamond Eases His Life Back into Shape». People. Arkivert frå originalen 13. desember 2013. Henta 19. august 2013. 
  23. Music Choice Television – on screen facts
  24. Steve Baltin (August 19, 2009). «Neil Diamond Owes His Career to the Brooklyn Dodgers». Spinner. Arkivert frå originalen 29. juli 2012. Henta 19. august 2013. 
  25. Becker Episode description "It had to be Ew" Arkivert 2008-10-02 ved Wayback Machine.. Tv.com. Henta 19. august 2013.
  26. 12 Songs. Neil Diamond. Allmusic
  27. "2nd Induction Class" Arkivert 2007-02-17 ved Wayback Machine. (2008), Long Island Music Hall of Fame
  28. «Neil Diamond Goes 'Home Before Dark'», Spinner.com, 29. april 2008, arkivert frå originalen 10. september 2012, henta 17. oktober 2013 
  29. "Diamond tops chart for first time" BBC News, May 15, 2008
  30. "Raspy Neil Diamond Offers Refunds". The Huffington Post. August 27, 2008.
  31. «Neil Diamond receives Walk of Fame star». Los Angeles: KABC-TV. August 10, 2012. Arkivert frå originalen 13. august 2012. Henta 19. august 2013. 
  32. Ryan, Patrick (3. juli 2013). «Neil Diamond's 'Freedom Song' will ring out». USA Today. Henta 19. august 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]