Hydra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Hydra (fleirtyding).
Herakles og den lerneiske hydraen (Gustave Moreau, 1876).

Hydraen, eller Uhyret frå Lerna var eit kjempestort sjøuhyre i gresk mytologi. Ifølgje legenda hadde Hydra ni hovud, av desse var eitt udøyeleg. Om eitt av hovuda hennar vart avhogge, voks det med éin gong ut to nye. Ho var dotter av Ekidna og Tyfon, og syster til Kerberos, Kimaira og Sfinksen.

Eitt av Herakles sine tolv storverk var å kjempa mot hydraen. For di blodet hennar var giftig, nytta Herakles det seinare som pilgift.