Gustave Moreau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gustav Moreau, 1850
Orfeus (1865)

Gustave Moreau (fødd 6. april 1826, død 18. april 1898) var ein fransk målar. Han vart fødd og døydde i Paris.

Moreau måla hovudsakleg bibelske og mytologiske figurar. Forma hans var arkaiserande, han brukte ein kraftig fargeprakt og bileta stod fjernt frå impresjonismen og den akademiske kunsten i samtida hans. Dei eksotiske og mystiske motiva hans danna ei bru mellom dei franske romantikarane og den franske symbolismen, ein nyromantisk retning på slutten av 1800-talet, og Moreau vart rekna som ein føregangsmann innan denne kunstretninga.

Han vart professor ved Académie des Beaux-Arts i Paris i 1891, og mellom andre var fauvistmålarane Henri Matisse og Georges Rouault av studentane hans.

Han er gravlagd på Cimetière de Montmartre i Paris.

Musée Gustave Moreau i Paris er ett av byens mest ekstravagante. Museet har lokale i det som før var studioet hans, og vart opna for publikum i 1903.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Tilsvarande artikkel på bokmålswikipediaen
  • Kunnskapsforlaget: Store norske leksikon (1980)
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gustave Moreau