IS/LM-modellen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
IS-kurva skiftar til høgre, til dømes på grunn av auka offentlege utgifter. Dette gjev høgare rentenivå og ein ekspansjon i realøkonomien (reelt BNP).

IS/LM-modellen er ein makroøkonomisk modell for ein lukka økonomi. Modellen vart utvikla av John Hicks (og Alvin Hansen) som eit forsøk på å formalisere dei tankane John Maynard Keynes presenterte i The General Theory of Employment, Interest, and Money. IS/LM-modellen er svært kjent og standard pensum i innføringskurs i makroøkonomi. IS/LM står for Investment Saving / Liquidity preference Money supply.

Modellen[endre | endre wikiteksten]

Modellen studerer korleis pengepolitikk og finanspolitikk påverkar BNP og rentenivået i ein økonomi med ledige ressursar/arbeidsløyse. Fokuset er på etterspørselssida i økonomien og alle prisar er faste. Det sistnemnde betyr at modellen ser på økonomien på kort sikt.

Modellen inkluderer tre marknader, to av dei blir representert grafisk:

  • IS-kurva: Viser alle kombinasjonar av BNP (Y) og rentenivå (i) som gjev likevekt i varemarknaden
  • LM-kurva: Viser alle kombinasjonar av BNP og rentenivå som gjev likevekt i pengemarknaden

Det er desse kurvene som har gjeve modellen namnet sitt. I tillegg til varemarknaden og pengemarknaden, har modellen òg ein marknad for obligasjonar. På grunn av Walras' lov, som seier at det er likevekt i alle n marknadene dersom det er likevekt i n-1 av dei, blir likevel ikkje obligasjonsmarknaden studert eksplisitt - han ligg skjult i bakgrunnen. Punktet der IS- og LM-kurva kryssar kvarandre, viser såleis kva kombinasjonar av BNP og rentenivå som gjev likevekt i alle marknadene i økonomien samtidig.

Dei finanspolitiske instrumenta offentleg kjøp av varer og tenester (G) og skatt (T) skiftar IS-kurva. Det pengepolitiske instrumentet pengemengde (M) skiftar LM-kurva. I tråd med keynesiansk tankegang kan styresmaktene dermed styre økonomien i retning av dei økonomiske måla sine.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]