John Maynard Keynes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
John Maynard Keynes

John Maynard Keynes (uttala keins) (5. juni 188321. april 1946) var ein engelsk økonom. Ideane hans har hatt svært stor innverknad på økonomisk og politisk teori, og han blir sedd på som grunnleggjaren av moderne makroøkonomi, sjølv om makroøkonomisk teori har utvikla seg mykje sidan den tidlegaste keynesianismen. Spesielt kjent er Keynes for å tilrå statleg intervensjon i økonomien, ved hjelp av finanspolitikk og pengepolitikk, med det formålet å motverke uheldige verknader av økonomiske resesjonar, depresjonar og overoppheting. Innan makroøkonomi blir ISLM-modellen (av John Hicks og Alvin Hansen) sedd på som ei formalisering av mange av tankane til Keynes.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

John Maynard Keynes var son av John Neville Keynes, som var økonomiførelesar på Universitetet i Cambridge, og Florence Ada Brown, som var forfattar og arbeidde for sosiale reformar. Keynes fekk ei elite-utdanning ved Eton, der han viste seg å vera talentfull innan dei fleste av interesseområda sine. Evnene hans vart lagde merke til på grunn av at dei var så vidfemnande. Han begynte på King's College i Cambridge for å studere matematikk, men interessa hans for politikk leidde han inn på samfunnsøkonomi, som han studerte i Cambridge under mellom andre A.C. Pigou og Alfred Marshall.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

For å skaffe seg noko å leva av, utsette Keynes den avsluttande oppgåva si i Cambridge, og tok i staden den offentlege tenestemannsprøven (the civil service examinations), der han vart nest best. Merkeleg nok, var det i delen om økonomi han fekk den dårlegaste karakteren sin. Til dette sa han: «Sensorane kunne tydelegvis mindre enn meg». Den stillinga han ønskte seg mest, i den britiske sentralbanken, vart vald av den personen som gjorde det best i prøven, og Keynes tok derfor imot ei stilling på India-kontoret. I følgje Keynes var det så lite å gjera der, at han delte tida si mellom å lesa avisa og å svara på private brev. Mens han jobba der, arbeidde han også med den avsluttande oppgåva si. Til hans store irritasjon, vart ho ikkje godkjend da han leverte ho, og han følte ikkje lenger at den livslange tilhøyrsla til Cambridge vart sett pris på. I staden takka han ja til eit førelesingsstipendiat i økonomi som vart personleg finansiert av Alfred Marshall, og det var frå denne posisjonen han begynte å byggje omdømet sitt som økonom. Snart vart han utnemnd til den Kongelege Komiteen for Indisk Mynt og Finans. Her viste han sitt overlag gode talent i å gjera seg nytte av økonomisk teori for å løyse praktiske problem. Etter å ha vist eit slikt stort anlegg spesielt for pengar og kreditt, vart han kalla til England for å tenestegjera etter utbrotet av den første verdskrigen. I England vart han plassert i rådgjevinga for finansministeren og i finansdepartementet sin komité for finansielle og økonomiske spørsmål.

Blant ansvarsområda til Keynes i desse stillingane, var å utforme kredittvilkåra mellom Storbritannia og landet sine allierte under krigen, og dessutan kjøp av valutaer som var vanskelege å få tak i. For den sistnemnde av oppgåvene, vart Keynes legendarisk for «kaldblodigheit og meisterlegheit», etter Robert Lekachman sine ord. Eit døme er det tilfellet der han lykkast - etter mykje strev - i å samle saman ein liten mengde spanske pesetas, for deretter å selje alle saman for å knekkje marknaden. Det verka, og pesetas vart mykje lettare å få tak i og mykje billegare. Desse oppgåvene førte til slutt til den utnemninga som skulle endre livet og karrièren til Keynes fundamentalt: Han vart utnemnd til representant for det britiske finansdepartementet på fredskonferansen i Versailles ved Paris i 1919.

Dette besøket førte til at han gav ut The Economic Consequences of the Peace, seinare same året følgt opp med A Revision of the Treaty, og det var desse to verka som først gjorde han offentleg kjent. Her hevda han at dei erstatningssummane som Tyskland vart tvinga til å betale til sigerherrane i krigen, var altfor høge og ville føre til at den tyske økonomien braut saman. Spådomen viste seg å vera rett da den tyske økonomien kollapsa i hyperinflasjon i 1923, og berre ein svært liten del av erstatningane vart nokon gong betalt.

Keynes publiserte sin Treatise on Probability i 1920, eit vidgjete bidrag til det filosofiske og matematiske grunnlaget for sannsynsrekning. Han gjekk til åtak på deflasjonspolitikken i 1920-åra med A Tract on Monetary Reform i 1923, der han kom med ein bitande argumentasjon for at land burde arbeide for stabilt innanlandsk prisnivå og gjorde framlegg om flytande valutakursar. Verket Treatise on Money (1930, 2 bind) gjorde effektivt greie for hans wicksellianske teori om kredittsyklusane.

Hovudverket hans, The General Theory of Employment, Interest and Money utfordra det klassisk-økonomiske paradigmet da det vart gjeve ut i 1936. I denne boka fremja Keynes ein teori basert på aggregert etterspørsel for å forklare variasjonar i det økonomiske aktivitetsnivået i eit land, slike som ein hadde sett under den store depresjonen. Den totale inntekta i eit samfunn blir her definert som summen av forbruk og investering; og i ein situasjon med arbeidsløyse og uutnytta produksjonskapasitet, kan ein berre auke sysselsetjinga og totalinntekta ved først å auke summane som blir brukt på anten forbruk eller investeringar. Den totale sparinga i eit samfunn er bestemt av den totale inntekta, og dermed kan økonomien oppnå ein auke i sparinga, sjølv om renta blir redusert for å auke investeringane. Boka argumenterte sterkt for ein aktiv statleg økonomisk politikk for å stimulere etterspørselen i tider med høg arbeidsløyse, til dømes gjennom utgifter til offentleg sektor. Denne boka er ofte sett på som sjølve grunnsteinen innan moderne makroøkonomi og hadde også ein tydeleg innverknad på den amerikanske presidenten Roosevelts New Deal.

I 1942 var Keynes vorte ein særs respektert økonom, og han vart adla til baron Keynes av Tilton. Under den andre verdskrigen hevda Keynes i How to pay for the war at krigsinnsatsen i det store og heile burde bli finansiert ved hjelp av høgare skattar i staden for budsjettunderskot, for å unngå inflasjon. Da den allierte sigeren begynte å synast klar, var Keynes, som leiar for den britiske delegasjonen og styreleiar for komiteen som utgreidde Verdsbanken, sterkt involvert i forhandlingane som førte til at Bretton Woods-systemet vart etablert. Keynes-plana argumenterte for svært radikale endringar i valutasystemet; ein felles sentralbank for heile verda, Bancor, skulle vera ansvarleg for ei felles valutaeining. USA sin store forhandlingsstyrke førte likevel til at det endelege resultatet vart meir likt dei mindre radikale planane til Harry Dexter White.

Keynes skreiv Essays in Biography og Essays in Persuasion. Den første portretterte økonomar og kjende personar, mens den andre presenterte nokre av Keynes sine forsøk på å påverke dei som tok avgjersler under den store depresjonen. Keynes var sjefredaktør i Economic Journal frå 1912.

Investor[endre | endre wikiteksten]

Keynes sine strålande resultat som investor blir bevist av offentleg tilgjengelege data frå fondet han styrte på vegne av King's College i Cambridge.

Frå 1928 til 1945, trass i at han gjekk på ein stor smell under børskrakket i 1929, leverte Keynes sitt fond ei svært sterk gjennomsnittleg avkastning på 13,2 %, samanlikna med at den generelle marknaden i Storbritannia hadde svekt seg med gjennomsnittleg 0,5 % pr. år.

Tilnærminga Keynes valde til investeringane, kan oppsummerast slik:

  • 1. Grundig utveljing av nokre få investeringar ut frå om dei var billege sett i forhold til den sannsynlege faktiske og potensielle eigenverdien (intrinsic value) nokre år fram i tid, og i forhold til alternative investeringar på det gjeldande tidspunktet;
  • 2. Halde fast på desse ganske store postane gjennom tjukt og tynt, kanskje i fleire år, fram til dei anten hadde oppfylt forventningane eller det var tydeleg at dei var feilinvesteringar, og;
  • 3. Ein balansert investeringsstrategi, dvs. spreidd risiko trass i at kvar post var stor, og om mogleg "motsette" risikoar (t.d. eige gull-aksjar saman med andre aksjar, sidan dei ofte går i motsett retning ved generelle børssvingingar).

Keynes hevda at «Det er ei feilslutning å tru at ein avgrensar risikoen sin ved å spreie seg for mykje mellom selskap som ein kjenner dårleg og ikkje har nokon grunn til å ha spesiell tillit til (...) Eins eigen kunnskap og erfaring er definitivt avgrensa, og det er sjeldan meir enn to eller tre selskap til ei kvar tid som eg personleg føler eg kan setje min fulle lit til.»

Keynes si utsegn om spekulasjon, vil nokon seie, er ein klassikar:

(Å investere er) utoleleg kjedeleg og for utfordrande for nokon som er heilt friteke frå å ha noko spelarinstinkt; mens han som har det, må betale ei passande straff for hangen sin.

I omtalen av viktige tidlege verk om aksjeinvesteringar, argumenterte Keynes for at «Godt styrte industriselskap deler, som regel, ikkje ut heile overskotet til aksjeeigarane sine. I gode år, viss ikkje alltid, beheld dei ein del av overskotet og puttar det tilbake i bedrifta. Dermed er det eit element av rentesrente som talar for sunne industrielle investeringar.»

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Med ei høgde på noko over to meter, var Keynes høg til og med i forhold til dagens standardar. I den første fasen av livet levde han homofilt. Han hadde ei rekke seksuelle forhold med menn mens han studerte på universitetet, og eit seriøst forhold med Bloomsbury-målaren Duncan Grant frå 1908 til 1915. Keynes heldt fram med å støtte Grant økonomisk resten av livet. I oktober 1917 møtte Keynes Lydia Lopokova, ei berømt russisk ballerina. I følgje dei fleste, hadde Keynes eit lykkeleg ekteskap saman med Lopokova. Dei var ikkje i stand til å få ungar, av medisinske årsaker.

Keynes likte å samle på bøker og til dømes samla han og tok vare på mange av Isaac Newton sine nedskrivingar mens han levde. Keynes døydde av hjarteinfarkt, hjarteproblema vart forverra av påkjenningane av å arbeide med dei internasjonale finansielle problema etter den andre verdskrigen. Dei sjølvbiografiske essaya hans Two Memoirs dukka opp i 1949, altså tre år etter at han døydde.

Bror hans, Sir Geoffrey Keynes (1887-1982), var ein utmerkt kirurg, akademikar og bibliofil, og nevøane hans Richard Keynes (f. 1919) fysiolog og Quentin Keynes (1921-2003) ein eventyrar og bibliofil.

Innverknader på verka til Keynes[endre | endre wikiteksten]

Innverknad og kritikk[endre | endre wikiteksten]

Keynes sine teoriar har så stor innverknad, sjølv om dei er omdiskuterte, at eit underområde av makroøkonomi kalla keynesiansk økonomi utviklar og diskuterer teoriane og bruken av dei vidare. John Maynard Keynes hadde mange kulturelle interesser og var ein sentral person i den såkalla Bloomsbury-gruppa, som bestod av framståande britiske kunstnarar og forfattarar.

Verket Treatise on Money vart sett på som Keynes sitt beste verk av hans intellektuelle motstandar, Milton Friedman. Friedman og andre monetaristar hevdar at keynesianske økonomar ikkje har nok merksemd retta mot stagflasjon og andre inflasjonsspørsmål. Friedrich von Hayek omtalte Treatise on Money så krast at Keynes bestemte seg for å setje Piero Sraffa til å gi ein bokomtale (og fordømme ikkje mindre hardt) Hayek sitt eige, konkurrerande verk. Keynes-Hayek-konflikten var eit av stridstemaa i «krigen» mellom Cambridge- og London School of Economics-skolane.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]