Iaidō

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Iaidō
(居合道)
Iaidovyuka2.jpg
Fokus Våpen (katana, shinken, iaitō)
Hardleik Berre kata, ingen kontakt
Opphavsland Flag of Japan.svg Japan
Stammer frå Iaijutsu
Kenjutsu

Iaidō (japansk 居合道) er ei moderne, meditasjonsliknande kampkunst der ein nyttar eit samuraisverd. Praktisering av iaidō inneber ingen fysisk kontakt mellom personar eller våpen, men vert utført av ein enkelt utøvar mot ein eller fleire tenkte motstandarar. Iaidō består av kata som generelt vert kjenneteikna av at ein trekker sverdet, utfører eit eller fleire hogg, for så å tørke blodet av sverdbladet før ein sett det tilbake i slira. Ein del iaidō-dojoar praktiserer òg fysisk testkutting, tameshigiri.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Iaidō er ei moderne utgåve av iaijutsu, som stammer frå kenjutsu. Røtene til desse japanske kampkunstane går langt tilbake i tid, og har blitt utvikla av landet sin samuraiklasse, som oppstod for vel 1100 år sidan. Kampkunstskolen Tenshin Shōden Katori Shintō-ryū underviste i ei tidleg form for iaijutsu allereie på 1400-talet. Dei første skolane som utelukkande underviste iaijutsu oppstod i løpet av det 16. og 17. hundreåret.

Nakayama Hakudo (ca 18731958) er rekna som grunnleggjaren av dagens iaidō, Musō Shinden-ryū. Moderne iaidō skil seg frå iaijutsu ved å vere retta mot sjølvutvikling, medan iaijutsu på same måte som kenjutsu fokuserer meir på teknikkar til bruk i fysisk kamp.

Iaidō i dag[endre | endre wikiteksten]

Iaidō vert i dag praktisert av utøvarar i heile verda, Noreg inkludert. Seitei Iaidō er den definitivt mest kjente stilarten, og består av tolv kata fastsett av ZNKR. Ikkje alle dojoar undervisar i Seitei Iaidō, men stilarten er rekna som standard for framsyningar og graderingar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]