Il Canto degli Italiani

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Il Canto degli Italiani» (instrumentalversjon)
Goffredo Mameli

«Il Canto degli Italiani» (Songen åt italienarane), blant italienarar oftast kjend som «Inno di Mameli» ('Hymnet åt Mameli') etter tekstforfattaren, eller «Fratelli d'Italia» ('Brør av Italia') etter førstelinja, er den italienske nasjonalsongen.

Songen blei skriven hausten 1847 av den tjueårige studenten Goffredo Mameli i Genova, i eit miljø prega av patriotisme og arbeid for sjølvstende og lausriving frå Austerrike-Ungarn. Diktet til Mameli blei tonesett nokre månader seinare av Michele Novaro, som også var frå Genova, i Torino.[1] Songen blei utbreidd under den påfølgjande italienske samlingstida kjen som Risorgimento.

Etter at Italia blei sameint i 1861 nytta landet «Marcia Reale», 'Kongemarsjen', som nasjonalsong. Dette var ein song laga for kongehuset Savoy i 1831. I 1946, då Italia blei republikk, tok ein i bruk «Il Canto degli Italiani» som nasjonalsong. Dette var opphavleg tenkt som ein midlertidig song, men ein heldt fram å bruka han, og 17. november 2005 blei han erklært nasjonalsong ved lov.

Første verset og refreng Ordrett omsetjing

 
Fratelli d’Italia
L’Italia s’è desta
Dell’elmo di Scipio
S’è cinta la testa
Dov’è la vittoria?!
Le porga la chioma
Ché schiava di Roma
Iddio la creò

 Stringiamci a coorte
Siam pronti alla morte
L’Italia chiamò
Stringiamci a coorte
Siam pronti alla morte
L’Italia chiamò, si!

 
Brør av Italia
Italia har vakna
Og hjelmen åt Scipio
teke på sitt hovud.
Kvar er Sigeren?
lat henne visa vyrde
som slave av Roma
vart ho skapt av Gud.

Lat oss danna ein kohort
Vi er klare til å døy
Italia har kalla oss
Lat oss danna ein kohort
Vi er klare til å døy
Ja, Italia har kalla oss!

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Teksten til Il Canto degli Italiani ved Wikisource.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]