Torino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Torino
Torino-panoramadaicappuccini.jpg
Byvåpenet til Torino
Byvåpenet til Torino
Kallenamn
«Bilhovudstaden»
Plassering
Torino is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Piemonte
Torino
Grunnlagd 28 fvt.
Borgarmeister Sergio Chiamparino
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Urbant
 - Storbyområde

130 km²
251 km²
6927 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007[1])
   - folketettleik
 - Storbyområde

900 569
  6927/km²
2 200 000
Koordinatar 45°4′″N 7°40′″EKoordinatar: 45°4′″N 7°40′″E
Høgd over havet 240 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 10100
Telefon-retningsnummer 0011
Nettstad: www.comune.torino.it

Torino (kalla Turinpiemontesisk og fleire andre språk) er ein by nordvest i Italia ved den vestlege breidda av elva Po. Han er hovudstad i både provinsen Torino og regionen Piemonte. Med om lag 900 000 innbyggjarar er han den fjerde største byen i landet, det samanhengande byområdet rundt kommunen har om lag 1,7 millionar innbyggjarar, medan storbyområdet har 2,2 millionar innbyggjarar.

Torino er eit viktig industrisentrum. Blant anna høyrer bilfabrikanten Fiat heime i byen og Torino har derfor vorte kalla «bilhovudstaden» i Italia. Han var òg den første hovudstaden i det samla Italia på midten av 1800-talet.[2]

Han er òg eit katolsk erkebispesete. I den katolske domkyrkja blir det såkalla likkledet i Torino oppbevart.

Vinter-OL 2006 vart halde i byen. Juventus er den mest kjende fotballklubben frå byen.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Torino med forstader har låg folkevekst på grunn av låg fødselsrate; innanfor bygrensene har folketalet faktisk gått nedover. Rundt 12,4 % av innbyggjarane er under 14 år (tal frå 2004), medan rundt 20,8 % er pensjonistar. Byen med omland har hatt ei sterk auke i innvandring, men byen sine innbyggjarar er framleis hovudsakleg av italiensk opphav (92,1 %). Store minoritetsgrupper er rumenarar (2,3 %), marokkanarar (1,5 %), peruvianarar (0,5 %) og albanarar (0,4 %).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Før-romersk og romersk tid[endre | endre wikiteksten]

Området vart busett av taurinarar i før-romersk tid. I 1. hundreåret fvt. oppretta romarane eit militærfeste her (Castra Taurinorum, tradisjonelt datert til 27 f.Kr.), og det vart kort tid etter tileigna Augustus (Augusta Taurinorum, eller Julia Augusta Taurinorum). Innbyggjarane fekk romersk borgarskap. Under firekeisaråret 69 e.Kr. vart byen delvis øydelagd under ein brann som braut ut då styrkane til keisarane Otho og Vitellius braka saman.

Tidleg mellomalder[endre | endre wikiteksten]

500-talet vart Torino eit langobardisk hertugdøme. I 773 vart det erobra av Karl den store og omgjort til eit frankisk markgrevskap. På 1100- og 1200-talet var han fri kommune.

Savoie overtar[endre | endre wikiteksten]

Likkledet, kyrkjemåleri av Giovanni Battista della Rovere (1561-1627).

Eit viktig og varig skilje i byen sin historie skjedde i 1280, då huset Savoie la området under seg. Dei heldt området i fleire hundreår, med berre kortvarige avbrot. Franskmennene regjerte over byen frå 1536 til 1562, då Emanuele Filiberto (Duca Testa di Ferro, 'hertugen med jernhovudet') gjenerobra byen for Savoie. I 1563 vart byen hovudstad for huset Savoie, då hertugane flytta dit frå sin gamle hovudstad i Chambéry. Det var då Milano-kardinalen Carlo Borromeo klarte å føre det kjende likkledet frå Chambéry til Torino.

Under den spanske arvefølgjekrigen omleira franskmennene byen i 1706 i 117 dagar utan å innta han. Under freden i Utrecht noko seinare vart kongedømet Sardinia lagt under Savoie. Det vart då utført større byggearbeid i det som no var hovudstad for eit europeisk kongedøme. Mykje av arbeidet vart starta av eller skjedde under den sicilianske arkitekten Filippo Juvarra (1678–1736). På denne tida hadde Torino omkring 90 000 innbyggjarar.

Etter at Napoleon Bonaparte hadde okkupert Piemonte var Torino mellom 1802 og 1814 hovudstad i det franske departementet . Etter bygginga av Frejustunnelen under Alpane i 1871 vart Torino eit viktig europeisk trafikknutepunkt. Folketalet auka til 250 000.

Viktor Emmanuel II av Italia, Italia sin første konge, residerte først i Torino.

Samlinga av Italia[endre | endre wikiteksten]

I 1861 vart Torino den første hovudstaden i Italia under Viktor Emmanuel II av Italia, men i 1865 overtok Firenze, og frå 1870 Roma. No skaut industrialiseringa av byen kraftig fart. Då Verdsutstillinga vart lagt til Torino i 1911 var folketalet rundt 430 000.

Etter den første verdskrigen opplevde byen arbeidskonfliktar mellom arbeidarar og industriherrane. Dei første streikane fann stad i 1920 og same år vart Lingotto-fabrikken okkupert.

I tida før og under den andre verdskrigen under Mussolini vart industrien i Torino gjort om for krigsproduksjon. I 1942 førte dei allierte sine bombetokt mot industriområda mykje av byen i grus, og i 1943 gjorde arbeidarane i byen opprør. Då tyskarane rykte inn i september 1943 og gjeninnsette Mussolini, trekte partisanane (partigiani) opp i fjella. 18. april 1945 lamma ein streik byen, og 26. april byrja partisanane eit forsøk på å ta kontroll over byen. Då dei allierte kom til byen 3. mai, var Torino under partisankontroll.

Etterkrigstida[endre | endre wikiteksten]

I tida etter krigen flokka menneske frå Sør-Italia seg til Torino for å finne jobb. Hovudsakleg var dette i bilindustrien, som på den tida bygde dei første italienske økonomibilene Fiat 500 og 600. Bydelane Falchera og Valette vart bygd opp for å huse dei nye innbyggjarane. I 1960 hadde Torino om lag 1 million innbyggjarar.

I etterkrigstida gjenoppbygde òg arkitektane Antonio Bassi og Pietro Boschetti Galleria d’Arte Moderna ('Galleriet for moderne kunst'), arkitekten Albertini teikna eit nytt bygg for Museo dell’Automobile ('Bilmuseet') og i samband med Italiautstillinga i 1961 vart både Palazzo del Lavoro (teikna av Pier Luigi Nervi) og Palazzo a Vela (teikna av arkitekten Annibale Rigotti og ingeniøren Nicolas Esquillan) reist. Desse bygningane er med på å gje Torino det preget byen har i dag, saman med alle bygningane til meisterarkitekten Carlo Mollino.

I 1969 kom det til blodige arbeideroppstandar i Torino, som førte til opprettinga av terrororganisasjonen Dei raude brigadane.

Innbyggjartalet nådde ein topp i 1975 med 1,5 millionar. I 1980-åra vart byen råka av den første industrielle krisa si og folketalet gjekk nedover igjen. I dag er framleis innbyggjartalet på veg nedover innanfor bygrensene, men inkludert forstadane har han no ein liten vekst.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Torino ligg nordvest i Italia, i regionen Piemonte. Han ligg omkransa av Alpane mot vest og nord, og av Monferrat i sør. Tre store elvar går gjennom byen, Po og dei to sideelvane hennar Dora Riparia og Stura di Lanzo.

Langs motorvegen ligg Torino 110 km frå Aosta, 138 km frå Milano og 170 km frå Genova. Den italienske hovudstaden Roma ligg 673 km unna.


Sentralt i byen ligg plassen Piazza Castello. I 2000 vart plassen stengd for biltrafikk, som ein del av styresmaktene sine prosjekt for å gjenopplive gamlebyen. Mange kaféar, barar og restaurantar kom til etter det. Piazza Castello vart teikna på slutten av 1500-talet av arkitekten Ascanio Vitozzi på oppdrag av hertug Carlo Emanuele I.

Frå Piazza Castello går hovudgatene utover i byen. Dei heiter Via Po, Via Roma og Via Garibaldi. Rundt plassen ligg Palazzo Madama, og rundt dette igjen ligg Palazzo Reale, Prefettura, Armeria Reale og Teatro Regio.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Eit viktig monument i byen er bygningen Mole Antonelliana, reist 1863–1880 etter teikningar av arkitekten Alessandro Antonelli (1798–1888). Her ligg i dag det nasjonale filmmuseet. Ein flott heiskonstruksjon trekkjer glasheisen fritt svevande langs leiekablar gjennom hovudrommet under kuppelen og til utsiktsplattforma.

I Duomo di San Giovanni ('domkyrkja til Johannes Døyparen'), bygd 1491–1498, ligg det kjende Likkledet i Torino. Mange pilegrimar vitjar staden og likkledet som vert hevda å vere Jesus sitt likklede frå holegrava utanfor Jerusalem. Trass i at den katolske kyrkja har gjennomført og offentleggjort dateringsundersøkingar som plasserer kledet i mellomalderen, er den internasjonale pågangen og interessa like stor kvar gong likkledet vert utstilt. Dei siste gongane det har skjedd var i 1978, 1998 og i 2000. Det er òg dei som meiner at karbondateringa som vart gjennomført var for dårleg, og at likkledet bør undersøkast på ny fordi det er så mange andre indikasjonar på at det skal vere ekte. Katedralen er sete for erkebiskopen av Torino.

Palazzo Reale.
Foto: Martin Teetz

Ei av dei internasjonalt viktigaste samlingar av gammal egyptisk kunst ligg i Torino, Museo Egizio. Her er den nest største samlinga av mumiar etter museet i Kairo.

Hertugane av Savoie sine bustadar og slott vart i 1997 oppført på UNESCO si verdsarvliste. I sentrum av Torino ligg Palazzo Reale, som var kongepalass for herskarane av Piemonte-Sardinia frå 1600-talet og fram til 1860, då det var sete for Kongedømet Italia. Her heng eit sjølvportrett av Leonardo da Vinci. Her finn ein òg ei av dei største antikke våpensamlingane i verda. Bak den strenge fasaden på slottet skjuler det det seg rikt dekorerte rom, mellom anna eit fantastisk galleri, den overdådig dekorerte tronsalen, det meisterlege kinesiske kabinettet og prosjektmakeriet La scala delle Forbici (saksetrappa) av Filippo Juvarra frå 1720. Bak slottet finst store flotte hagar som vender mot nord.

Palazzo Madama sin eldre del.
Palazzo Madama sin yngre del.

Ved sidan av ligg Palazzo Madama, sentralt på Piazza Castello. Han består av to delar: Ein mellomalderfestning som vart reist på 1200-talet over restane av ein byport frå romartida, og eit nyare tilbygg i barokkstil utført rundt 1700. Denne delen fekk ein raffinert balustradefasade, og den nye utsjånaden vart føyd til av Juvarra etter ønske frå ei kongeleg enke i 1718. Palazzo Madama rommar Museet for eldre kunst, Museo di arte antico.

Barokkyrkja San Lorenzo med sin særprega geometriske kuppel av Guarino Guarini ligg like i nærleiken.

Nærbilete frå Palazzo Carignano sin fasade.

Palazzo Carignano er eit barokkpalass og Guarini sitt meisterverk. Praktbygget sin fasade er ikledd flott murstein. Det vart bygd i 1679. Etter å ha husa medlemmer av den kongelege slekta rommar Palazzo Carignano i dag Museo Nazionale del Risorgimento som gjennom kunst og lekamar fortel historia om Risorgimento.

Piazza San Carlo, kalla «Torino si finstove», heiter eigentleg Piazza San Carlo, der eit knippe av barokkarkitektur i sofistikert utføring prydar byen. I sentrum av plassen står det ein statue frå 1800-talet som syner Emanuele Filiberto og har vorte eit symbol på Torino. Her på det staslege torget i sørenden finn ein tvillingkyrkjene Santa Cristina og San Carlo som vart oppført i 1630-åra.

Superga-basilikaen høgt over Torino
Foto: Martin Teetz
Mole Antonelliana er Torino sitt symbol og utgangspunktet for OL-logoen.
Foto: Roberto Leinardi

Pilegrimsbasilikaen Superga på ei høgd litt utanfor sentrum er òg ein attraksjon. Ein tannhjulbane frå forstaden Sasso lettar tilkomsten. Barokkyrkja vart bygd av Juvarra i 1717-1731, på oppdrag av hertug Vittorio Amadeo II. Basilikaen vart oppført som minne over frigjevinga av Torino i 1706 frå den franske omleiringa av byen og hertugen sin hær. Under basilikaen er eit stort mausoleum, med gravene til hertugane av Huset Savoie frå Viktor Amadeus II til Karl Albert, med unntak av ein, Karl Felix. På baksida av basilikaen står det ei minnetavle over offera - mellom anna fotballaget i byen - etter ei stor flyulukke i Torino i 1949. Basilica di Superga har ei flott utsikt over byen Torino.

Nede i byen kan ein òg ta ei omvising til alle stadane der filmklassikaren The Italian Job (1969, med Michael Caine) vart spelt inn. Denne filmen medverka i si tid til auka interesse for Torino.

I Stupinigi, ein forstad til Torino, finn ein lystslottet Palazzina di Caccia.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Torino er ein av Italia sine viktigaste industribyar.

Bilar[endre | endre wikiteksten]

Bilfabrikanten Fiat (FIAT = Fabbrica Italiana Automobili Torino) har sidan grunnlegginga i 1899 hatt hovudkontoret sitt og den viktigaste fabrikken sin i Torino. Det var mange søritalienarar og sicilianarar som reiste til bilfabrikkane for å få arbeide og betre levekåra. Tog som gjekk frå Sør-Italia til Torino og andre stader i nord vart kalla Il treno della speranza (håpets tog) fordi dei var fylt av fattigfolk med håp om arbeid og velstand.

Lingotto-bygget var ein gong i tida den største største bilfabrikken i verda. Han er kjend for testbanen sin for bilar på taket. I dag er bygningen eit kongressentrum, med konsertsal, kunstgalleri, butikksenter og hotell.

Ein annan kjend bilfabrikant tilknytta Torino er Lancia, som vart grunnlagd i 1906 og vart inkorporert i Fiatgruppa i 1969.

Torino har òg flyindustri. Nokre viktige delar av den internasjonale romstasjonen har vorte produsert i Torino.

Sjokolade[endre | endre wikiteksten]

Torino er den faste sjokoladen sin fødeby. Tidlegare var sjokoladen gjennomgåande ein drikk. Det var i Torino at ein franskmann kalla Doret tidleg på 1700-talet fann opp den revolusjonerande hydrauliske maskinen som kunne omdanne kakaobønnene til ein deig, noko som var ein føresetnad for dei faste platene og formene som ein har kjend og etter kvart føretrekt siden 1800-talet. Det mest kjente sjokolademerke som vert produsert i Torino er Gianduiotto (etter Gianduia, ei lokal Commedia dell'Arte-maske). Den kjende Caffarel-sjokoladen kjem òg frå byen, men det er òg ei rekkje mindre sjokoladeprodusentar over heile byen.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Lavazza (kaffi), Martini (vermut) og Venchi (sjokolade) er kjende merkebedrifter frå Torino.

  • Lavazza (etablert 1895) er er den desiderte største kaffiprodusenten i Italia, med omkring 45 % marknadsdel i 2004, og som sel til meir enn 60 land.
  • Martini (etablert 1847) står mellom anna bak vermutane Martini Extra Dry og Martini Bianco, og har oppretta dotterselskap over heile verden.
  • Venchi (etablert 1878) vart raskt populær i Italia med sin Nougatine, små søtsaker laga av knuste og karamelliserte hasselnøtter trekte med mørk sjokolade.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Tre universitet høyrer heime i byen. Det eldste er Universitetet i Torino (Università degli Studi di Torino). Det er frå 1400-talet, ein periode med uro i Lombardia-regionen, då førelesarar frå universiteta i Pavia og Piacenza føreslo at det skulle opprettast ein lærestad for høgare utdanning i området.

Eit anna universitet i byen er Politecnico di Torino. Det vart stifta i 1906, men kan spore røtene sine tilbake til ein ingeniørskule som vart stifta i 1859.

Istituto Europeo di Design som òg har universitetsrang, er òg representert med ei avdeling i Torino.

Sport[endre | endre wikiteksten]

Torino er heimby til fotballklubben Juventus, som er ein av dei største klubbane i italiensk fotball. Ein annan klassisk Torino-klubb er Torino Calcio. Begge desse laga spelte på byen sin største arena, Stadio delle Alpi (om lag 71 000 tilskodarar), heilt til Torino flytta til Stadio Grande Torino i starten av 2006/07-sesongen.

I 2005 vart byen sin nye olympiske skøyteehall Oval Lingotto innvia med verdenscup i hurtigløp på skøyter 9.-11. desember.

OL i 2006[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Vinter-OL 2006.

I februar 2006 arrangerte Torino olympiske vinterleikar. I tillegg til Torino vart det arrangert konkurransar i Bardonecchia, Cesana Torinese, Pinerolo, Pragelato, Sauze d'Oulx og Sestriere. Dette er det andre vinter-OL som vart lagt til Italia – det første var 50 år tidlegare, i Cortina d'Ampezzo.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Jernbane[endre | endre wikiteksten]

Frå bygginga av metrostasjonen ved jernbanestasjonen Porta Nuova (mars 2005)

Torino nyt godt av den italienske jernbanen. Ei høgsnøggleiksstrekning for tog opna i 2005 mellom Torino og Novara. Han reduserer òg reisetida til Milano og storflyplassen Milano-Malpensa. I 2009 vil toglinja forlengast heilt fram til Milano, og då vil reisetida dit kome ned i mellom 1 t. 50 min. til 1 t. 30 min. Det er òg planlagt eit raskare togsamband til Lyon, men dette har vist seg å vere kontroversielt på grunn av tvilsame fordelar (linja skal berre handsame godstransport), høge kostnadar, og at samferdselministeren Pietro Lunardi sitt eige selskap, Rocksoil, har store interesser i byggarbeidet. Dei viktigaste jernbanestasjonene i Torino er Porta Nuova, Porta Susa og Lingotto. Hovudbanegarden er Porta Nuova, men det vil endre seg når Porta Susa er ferdig opprusta.

Motorvegar[endre | endre wikiteksten]

Fleire motorvegar går til Torino i det italienske nettet: A4 frå Milano, A5 frå Aosta, A6 frå Savona, A21 frå Piacenza, A32 frå Frejustunnelen (som går frå Italia til Frankrike). For å nytte dei fleste av desse motorvegane må ein betale bompengar.

Flyplass[endre | endre wikiteksten]

Torino sin internasjonale flyplass er kalla opp etter politikaren Sandro Pertini (TRN - LIMF). Han ligg i Caselle Torinese og har togsamband rett ned til Torino sentrum. Milano si vestlege lufthamn, Malpensa, er heller ikkje langt borte.

Offentleg transport[endre | endre wikiteksten]

I samband med vinter-OL fekk Torino eit nytt tunnelbanesystem. Det vart bygde ei linje, som byrjar ved jernbanestasjonen Porta Nuova, via sentrum og jernbanestasjonen Porta Susa og endar opp vest i byen. I tillegg er det bussar og trikkar, drive av selskapet Gruppo Torinese Trasporti. Eit delt offentleg/privat selskap kalla 5T utviklar trafikkovervakinga for byen.

Kjende folk frå Torino[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://demo.istat.it/bilmens2006/index.html- ISTAT demografi
  2. Byen sin historie. Turismo e promozione. Vitja 2007-08-31.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Torino